Koronaviruset har mutert: – Det er blitt betre på å smitte

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elin Lunde er immunolog og jobbar i kommunikasjonsavdelinga ved UiO, noko som betyr at ho veit mykje om immunsystemet til menneske. Ho fortel at mutasjonar i virus er heilt normalt, og at det er noko som skjer med alle virus.

Elin Lunde er immunolog og jobbar i kommunikasjonsavdelinga ved UiO. Foto: UiO

– Mutasjonar er det same som endringar i arvestoffet til eit virus. I og med at arvestoffet er oppskrifta på korleis alt i kroppen skal sjå ut, vil ein mutasjon føra til at noko ein eller anna plass endrar seg, seier Lunde.

Blir vanlegvis svakare eller likt

– Koronaviruset har mutert veldig mange gonger. Det som er mest vanleg når eit virus muterer, er at det blir svakare eller uendra.

Nyleg vart det oppdaga ein korona-mutasjon på Austlandet, i Oslo og søraust for hovudstaden. Han har opphav i England, og forskarane har funne ut at han kan vera mykje meir smittsam enn koronaviruset som allereie finst i Noreg.

Ifølgje immunologen er det heilt tilfeldig at akkurat denne mutasjonen er blitt meir smittsam.

– Det som har skjedd med viruset frå England, er at det har fått ein fordel. Det har vore så «heldig» at det er blitt betre på smitte. For alle virus vil jo nettopp det – å smitte, seier ho.

– Me veit ikkje enno

– På grunn av denne fordelen, formeirar viruset seg fortare. Det betyr at det er meir smittsamt, og fleire kan bli sjuke.

Nokre trur at det muterte viruset frå England er meir dødeleg. Lunde fortel at det er usikkert.

Det einaste me kan seia sikkert, er at det har ein vekstfordel, noko som gjer at det formeirar seg og spreier seg fortare.

– Me veit rett og slett ikkje så mykje om det enno, og nettopp derfor må me vera ekstra forsiktige.


Ilona-Marie Batta Solheim (15) går ved Brakanes barne og ungdomskule i Ulvik, bygda som har fått fleire smitta av mutantviruset frå England. Foto: Privat