Koronarettleiinga alle treng: Når skal du skru på Zoom-kameraet?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det går mot ein ny lockdown, og studentar over heile landet er no tilbake på Zoom. Grunnskulen og vidaregåande skular får halde opent, men smitten er størst blant oss no.

Vi har rett og slett trekt eit sjansekort og no må vi rykke tilbake til start.

Bent Høie og FHI har gitt oss mange retningslinjer, men dei har aldri gitt oss noka anbefaling om når ein skal ha kameraet på Zoom.

Studentar over heile landet har muta mikrofonen, og skrudd av kameraet. Ingen veit heilt når eller om det passar å skru det på, så ein berre lar det vere.

I Norge er vi usamde i mykje, men vi er samde om ein ting: Dersom vi ikkje veit kva vi skal gjere, så gjer vi ingenting.

Dei fleste av oss har aldri vore nøydde til å halde ei forelesing eller ein presentasjon over Zoom, men det har eg.

Eg har jobba som workshop-haldar over nett sidan mars, og eg kan meddele ein ting:

Det er blytungt å prate til folk ein ikkje kan sjå.

Denne erfaringa har gitt meg den djupaste medkjensle for alle lærarar og professorar over heile landet.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Ein lagar ein kopp kaffi, gjer seg klar, skrur på skjermen, og så pratar ein.

I starten er det gjerne to eller tre som har på kameraet (men berre fordi ein har trygla i minst fem minutt om at alle skal skru det på). Dei endar med å skru det av etter eit par sekund fordi ingen andre har skrudd det på, og så er ein tilbake til å prate til folk ein ikkje kan sjå.

Timane går, ein pratar og gir jernet, og når dagen er over er det berre å skru av og bruke dei neste timane på å lure på kva ein gjer med livet sitt.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Det kan umogleg vere sunt for forelesarar å prate til ingen, og det kan UMOGLEG vere sunt for studentar å ikkje sjå nokon andre andlet enn forelesaren sitt.

Derfor har eg laga ein guide, slik at du alltid kan vite om du skal ha på kameraet ditt eller ikkje!

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

*Denne guiden gjeld for alle som ikkje har angst, eller andre psykiske utfordringar som gjer det vanskeleg å ha på kamera.

Ver ein god KAMERAt og skru på kameraet. Please.


Les om då politiet ransaka leilegheita hennar og fann brukte truser og Gleden med skjedenDen første tanken som slo meg var «eg visste at naboen min virka shady»

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen