Ein koronadag – munnbindpanikk, raud alarm og TikTok-møte


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Her kjem eit døme, dagboksnotata frå den ganske vanlege tysdag 9. februar:

Kjære dagbok,

komplisert levering i barnehagen i dag. Oluffa kjende meg ikkje att fordi eg hadde munnbind på då eg lyfte ho ut av barnesetet, vart krakilsk og byrja rope:

«Slem mann, slem mann! Hjelp!»

Andre foreldre kom ilande til, fekk meg ein på tygga av far til Nicoline Lampetta.

Snubla i tillegg i raudt sperreband som er sett opp mellom uteområda til dei ulike kohortane, knuste brillene og forstua ein ankel, dette pga. dogg på briller pga. munnbind. Måtte deretter rette litt på munnbindet, ei barnehagetante såg meg, stakk hovudet ut gjennom vindauga og kauka:

«Ingen hender på munnbindet!»

Stod ein halvtime i kø utom døra fordi berre éin og éin familie får vera i garderoben, forfriskande i 19 kuldegradar og motvind frå Sibir. Oluffa fekk akutt korona, barnehagen ville ikkje ha ho, men eg skulle ha vore på jobb for lenge sidan, la difor på sprang.

Elevane noko ublide frå start. Dei hadde òg venta ute, ettersom ingen får vera inne på skulen utan tilsyn av lærar. Kom likevel fort i gang med fyrste oppgåve – «I par, diskuter Nürnberg-prosessane i lys av moderne strafferettsteori og Primo Levis etiske refleksjonar i verket De druknede og de bergede.» – men etter ti minutt dukka rektor opp:

«Hallo! Kva skjer her? Vi kan ikkje ha samarbeidsoppgåver på raudt nivå! To meter – minst! – mellom alle elevar!»

Eg: «Raudt? Eg trudde vi var på gult?»

Rektor: «Det var i går! Las du ikkje e-posten eg sende i natt kl. 03.46? Det har kome nye forordningar frå kommunen.»

Prøvde meg på å peike bort i eit anna hjørne av det opne skulelandskapet: «Men elevane til Gurine sit jo i grupper på fire akkurat no, og ho er i risikogruppe på grunn av vekta!»

Rektor: «Men dei har fastmonterte stolar! Dessutan er dei færre enn 23 elevar per 77 kubikkmeter læringsareal! Om rådmannen eller kommunelækjaren kjem innom og ser korleis du opererer, ryk definitivt paraplyen du er lova i julebonus!»

Følte stort behov for å vise handlekraft.

«Opp av stolane!» ropte eg til elevane. «To gode meter mellom alle! Sprit av borda, veggene, dykk sjølve og kvarandre, blyantar, papir, viskelêr og blyantspissarar.»

Ei forsiktig hand i lufta frå Charles Lars Fridtjof: «Men kan vi få leggje fram konklusjonane våre? Eg er spent på å høyre om det er relevant å bruke Foucault i denne konteksten. Birgitte Rosetta meiner at Spinoza er meir relevant, men …»

Eg, tordnande: «Har du verkeleg inga omsorg for 94-åringar med fjorten underliggjande sjukdommar? Vi er på raudt nivå! No blir det hang-man, og deretter får de heimeskule resten av veka. Lekse til etter påske er å sjå ein film.»

Heftig applaus frå rektor.

Svært gode pedagogiske diskusjonar i lunsjen i dag. Ikkje lov å bruke pauserommet, men alle i kollegiet ropte til kvarandre frå kvar sin krok av kontorlandskapet. Deretter nyttig og effektivt personalmøte på TikTok. Litt rot med ekko og liknande med 47 PC-ar i same rom, men det løyste seg ved at alle skrudde av mikrofonen så berre rektor kunne snakke. Hadde sjølv eit par innspel, men gløymde å skru på mikrofonen då eg framførte dei. Forresten utgjort at rektor såg PC-skjermen min i bakgrunnen av skjermbiletet ho såg av kollegaen min Oddleif, og på denne måten ferska meg i å leggje edderkoppkabal under møtet. Mild kritikk også for skjermbakgrunnen min, som fekk det til å sjå ut som at eg sat på stranda og sola meg:

«Lite framoverlent,» ifylgje rektor. Er innkalla til utviklingssamtale onsdag morgon kl. 05.14 per Jodel Hangouts.

Deilig å koma heim til Perlaug som hadde henta Oluffa i barnehagen, og dessutan laga spikarsuppe til middag. Prøvde å gje ho ein kyss på kinnet, men vart avvist:

«Er ikkje du på raudt nivå no, i høve til retningslinene som trådde i kraft kl. 03.44 i natt? Føreslår at du tek på deg munnbind, helst to stykk, og går ned i kjellaren med suppa.»

Eg: «Men då får eg jo nesten ikkje sett dykk i dag; eg skal jo møte Harry Ottar i kveld!»

Perlaug: «I kveld?!»

Eg: «Ja, det hugsar du vel: Vi skulle eigentleg drikke kaffi i oktober, men så hamna jo han i karantene, og så hamna eg i isolasjon, og så hamna han i karantene igjen, og så vart det forbode å møte nokon, og så …»

Perlaug, stønnande: «Berre dra, men du veit at du då ikkje kan møte nokre andre denne månaden?»

Eg: «Hæ, er det ikkje ti nærkontaktar per veke som er regelen?»

Ho: «Nei, det gjeld berre for undervektige enkjer og familiar der foreldra har ein samla alder på over 84 år og ikkje mindre enn 3,7 ungar i skulepliktig alder, med spesielle unntak for etniske minoritetar i likekjønna ekteskap og ikkje-binære i polyamorøse forhold.»

Utsøkt suppe i alle fall. Mista ein buss til sentrum fordi eg prøvde å gå inn framdøra, dette var ikkje lov, så sjåføren køyrde ifrå meg. Utskjelt på neste buss fordi eg gløymde å ta med munnbind, av ung mann som var i risikogruppe pga. borderline personlegheitsforstyrring. Framme i sentrum gjekk eg til butikk for å kjøpe munnbind, men fekk ikkje koma inn utan munnbind.

Gjekk i staden til kafeen der eg skulle møte Harry Ottar, laug på meg ein øsofagusinfeksjon som orsaking for manglande munnbind, fekk under tvil gjera ei bestilling. Bad om ein øl.

Servitrisa: «Du må tinge mat i tillegg.»

Eg: «Kva er det billegaste de har?»

Ho: «Brødbuffet, kroner 165.»

Det vart altså i praksis kr. 264 for ølen, for eg var stappmett etter middagen og orka ikkje tanken på ein einaste liten brødbit. Sette meg ved bordet og las SMS frå Harry Ottar:

«Sorry, mac, har hamna i karantene igjen, vi får ta det om elleve dagar.»

Hadde likevel ikkje lyst til å dra heim frå den store kvelden så tidleg, vart difor sitjande. For ikkje å forferde den andre gjesten i lokalet, heldt eg handa framfor munnen då eg sprang til toalettet for å lata vatnet. Drakk ca. åtte øl på tre timar, byrja bli småsvolten att, gjekk til brødbuffeten eg hadde betalt for. Fann ikkje anna enn tørre grissiniar, spurde servitrisa:

«Kva skjedde med brødbuffeten?»

Ho: «Vi stengjer om eitt minutt.»

Eg: «Eitt minutt? Det står jo tolv på døra?»

Ho: «Justert til ti i koronatida.»

Eg: «Veit du av nokre stader som har lengre ope då?»

Ho: «Absolutt, men dei slepp ikkje inn nye gjester etter ti.»

Tok med meg fjorten av dei italienske brødpinnane, gjekk og sette meg i parken.

Ein sjanglande uteliggjar kom forbi, snøvla:

«Har du ikkje høyrt om munnbind, din omsynslause svinepels!»

Sovna på benken; då eg vakna neste morgon hadde nokon teikna på meg eit munnbind med tusj. Høyrde vakker måkesong, følte på djup takksemd over heile den nasjonale dugnaden.


Sint tenåring hyttar neven mot ein pc.

Illustrasjonsfoto: Colourbox