Isolerte folk med utviklingshemming under pandemien:
– Eit brot på fleire av menneskerettane
Personar med utviklingshemming vart isolerte i heimane sine under pandemien. Det var brot på menneskerettane, ifølgje forskarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg vil jo seie at det var eit brot på smittevernlova, men også eit brot på fleire av menneskerettane til personar med utviklingshemming, seier postdoktor Ellen Margrete Iveland Ersfjord ved Universitetet i Agder til NRK.
Ein ny studie av fem bufellesskapar i Midt-Noreg finn at bebuarar i fire av dei fem bufellesskapa vart isolerte. Dette var brot på reglar om at kommunar ikkje kunne innføre besøksforbod i slike bustadfellesskap.
– Dette vart gjort i utstrekt grad i Noreg, seier Ersfjord.
Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen i Helse- og omsorgsdepartementet seier saka er alvorleg.
– Funna i denne studien er svært alvorlege og viser at både brukarar og tilsette stod i svært krevjande situasjonar i denne perioden.