Melby: Privatistar må få ta eksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei har ikkje noko anna grunnlag for vitnemål, så dei må ta eksamen. Så er det ein del elevar på yrkesfag som må ha eksamen for å komme seg vidare. Det skal vi òg leggje til rette for, seier Melby til TV 2.

Alt anna er førebels til vurdering, men ei avgjerd kjem så raskt det er mogleg.

Press for å avlyse eksamen

Ei rekkje aktørar har den siste tida kravd at eksamen heilt eller delvis blir avlyst som følgje av koronasituasjonen.

Ap, SV, Raudt og MDG er blant partia som krev at eksamen blir avlyst, medan fleire andre parti er i tenkjeboksen.

Høgre er skeptisk til avlysing

TV 2 er kjent med at Høgre i regjering er skeptisk til å avlyse alle eksamenar.

Utdanningspolitisk talsperson Kent Gudmundsen ønskjer å finne ei løysing der ikkje alle eksamenar blir avlyste.

– Vi anerkjenner at vi er i ein ekstraordinær situasjon og at vi derfor ikkje kan gjennomføre alle eksamenar som vanleg. Samtidig er vi urolege for at vi så tidleg i skuleåret skal forhaste oss og avlyse alt. Det må vere mogleg å finne ei god mellomløysing, seier Gudmundsen.


Elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule, Hannah Hillersøy Resser, og Tobias Eriksen, elevrådsleiar ved Båtsfjord private videregående skole, vil begge avlysa eksamen. Illustrasjonsfoto: Leif Harboe / Flickr / CC BY-NC-ND