Ny rapport: Norske koronatiltak for fossilindustrien kan auka produksjonsgapet

Verda legg opp til dobbelt så mykje produksjon av fossilt brennstoff innan 2030, som det som må til om me skal nå 1,5 gradersmålet, ifølgje ein ny rapport.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjenoppbygginga etter Covid-19 markerer eit potensielt vendepunkt, der land må endre kurs for å hindra å låsa seg til nivå av kol-, olje-, og gass-produksjon, som er mykje høgare enn det som samsvarar med ei 1,5 graders grense.

Følgjande står å lese på nettsidene til rapporten The Production Gap. Rapporten er utarbeidd av Stockholm Environment Institute (SEI), International Institute for Sustainable Development (IISD), Overseas Development Institute (ODI), E3G og FNs miljøprogram.

Når ikkje 1,5 graders målet

Rapporten The Production Gap vart lansert for første gong i fjor, og heller ikkje då såg det lyst ut for å nå 2-gradersmålet som verdas leiarar vart einige om i Parisavtalen frå 2015.

Forskarane har sett på samsvaret mellom den planlagde oljeproduksjonen og utsleppskutta som må til for å halda temperaturauken under 1,5 grader samanlikna med førindustrielt nivå.

Om me skal avgrensa temperaturauken til 1,5 grader må produksjonen av fossile brennstoff søkke med omlag 6 % årleg dei ti neste åra. Det står ikkje i samsvar med planar som legg opp til ein 2 % auke årleg.

Rapporten viser at verda planlegg å vinne ut over dobbelt så mykje fossilt brennstoff dei neste ti åra, enn det som er samsvarande med å nå 1,5 graders målet.

Therese Hugstmyr Woie

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie meiner Noreg er blandt landa som må fase ut oljeproduksjonen raskast. Foto: Thor Due, Natur og Ungdom

NU om koronaåret: – Må redusere i same takt

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie meiner rapporten er eitt av fleire argument som bør gjere det umogleg for Erna Solberg å tildela nye oljelisensar i Arktis gjennom den 25. konsesjonsrunden som blei utlyst for to veker sidan.

– Noreg er blant dei oljeproduserande landa med ein minst oljeavhengig økonomi –  og absolutt størst kapasitet til å finansiera ei rettvis omstilling. Dermed er me saman med USA, Australia, Canada, Tyskland og Storbritannia dei landa som bør fase ut oljeproduksjonen raskast, skriv Woie i ein e-post til Framtida.no.

Ho peikar vidare på at for å nå 1,5 graders målet må verda kutte 11 % i kolproduksjon, 4 % i olje og 3 % i gass. Produksjonskutta i 2020, som følgje av koronapandemien, har vore på 8 % for kol, 7 % for olje og 3 % for gass.

– Me må altså halde fram å redusere i same takt som om me skulle hatt ein ny pandemi for kvart år. Likevel planlegg verdas land samla 2 % årleg vekst i produksjonen, understrekar Woie.

Gode mål, utilstrekkelege tiltak

Både forskarane og FNs generalsekretær, António Guterres, peikar på at verdas økonomiar må bli mindre oljeavhengige.

– Denne rapporten viser utan tvil at produksjonen av kol, ole og gass må gå ned raskt om me skal nå måla i Parisavtalen om klimaendring. Dette er essensielt for å sikra både ei klimatrygg framtid og sterke, berekraftige økonomiar i alle land, seier Guterres på rapporten sine nettsider.

António Guterres, generalsekretær i FN meiner verdas økonomiar må bli mindre oljeavhengige. Foto: Eric Bridiers/Wikimedia.org

Biletet er likevel ikkje bekmørkt. Tidlegare denne veka annonserte Climate Action Tracker at verda sine klimamålsettingar siktar oss inn på ei temperaturauke på 2,1 grader innan 2100, noko som gjer at 2-gradersmålet er innan rekkjevidde.

At Kina og ei rekkje andre land tek sikte på nullutslepp, samt at klimaforkjempar Joe Biden vann presidentvalet er nokre av hendingane som bidreg til optimisme.

Climate Action Tracker åtvarar likevel om at dei kortsiktige tiltaka ikkje står i stil med dei langsiktige måla.

Ifølgje forskarane er Noreg sitt mål utilstrekkeleg, og siktar oss inn mot ein temperaturauke på 3 grader.

Kritiserer norsk koronastøtta til oljeindustrien

The Production Gap åtvarar mot at koronaresponsen verda over kan forlengja produksjonsgapet mellom mengda fossilt brennsstoff me produserer og det me kan forbrenna utan å risikere kraftig temperaturauke.

Verdas regjeringar har investert meir i fossil industri enn i fornybar energi i sine krisepakkar. G20 landa har til dømes brukt 233 milliardar amerikanske dollar på fossilindustrien, men berre 146 milliardar på fornybar energi.

Både Climate Action Tracker og The Production Gap kritiserer Noreg sine koronatiltak retta inn mot oljeindustrien.

Den norske regjeringa si utsetjing av skattar på 1000 milliardar kroner for oljenæringa er eitt av døma i rapporten på støtte utan krav til fossilindustrien.

– Majoriteten av støtte til produsentar av fossile brennsstoff har mangla sosiale, økonomiske eller miljømessige vilkår, noko som inneber ei tapt moglegheit til å kombinera Covid-19-responsen med grøn gjenoppbygging, heiter det i rapporten.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac