Lorde vart inspirert av Greta – gjev ut klimabok frå Antarktis

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg såg føre meg at Antarktis sakte, men sikkert, vart til slaps, og flauma over Sørishavet. Hastverket eg før hadde kjent om å reise sørover kom attende. Eg tok ein telefon etter den andre, fekk fleire dusin boostervaksiner, og så hende det – denne draumande musikaren fekk skyss til enden av verda.

Det skriv artisten Lorde i eit essay hjå Metro magazine, som er gjengjeve hjå The Guardian.

No bokdebuterer 24-åringen med Going South, om turen til Antarktis i januar 2019.

Inspirert av Trump og Greta

Going South er allereie til sals, men vert ikkje sendt ut før i februar 2021.

I eit nyheitsbrev til fansen skriv Lorde at ho har vore fasinert av Antarktis sidan ho var gammal nok til å lese, men at interessa har auka i takt med at ho vart meir miljøbevisst.

Men det var først då den globale samtalen om klimaendringar nådde kokepunktet, at ho endeleg bestemte seg for å gjere alvor av draumen om Antarktis:

– Trump-administrasjonen hadde året før annonsert at dei ville ut av Paris-avtalen. I august målte den svenske 15-åringen Greta Thunberg sitt enkle skilt, og då ho sette seg utanfor nasjonalforsamlinga, mobiliserte ho ein generasjon av lidenskapelege unge, som er desperate for klimavernande lovendringar, skriv artisten ifølgje The Guardian.

– Miljøet er heldig

I løpet av dei fem dagane Lorde var på Antarktis, intervjua ho forskarar og klimaekspertar, og ho vart akutt merksam på kor utruleg sårbart det antarktiske kontinentet er.

I eitt blogginnlegg frå Polar Trec-labben som Lorde besøkte, står det skrive at artisten verka genuint interessert i arbeidet som føregjekk:

– Miljøet er heldig som har berømte folk som ho, som er interesserte i å få dei ekte faktaa, vitskapen, om kva som hender med jorda vår, står det skrive.

Going South er ei fotobok med bilete tekne av fotografen Harriet Were, og med tekstar Lorde skreiv medan dei var i Antarktis.

Inntektene frå boksalet skal gå til ein doktorgradsstudent som vil forske på klimaendringar i Antarktis, gjennom ei stipendordning som vert oppretta av instituttet Antarctic New Zealand.

– Dei fleste vert sjøsjuke, men mitt beste tips er å sjå på horisonten, ha mat i magen og få nok frisk luft! seier John Elling Deehr Johannesen. Foto: Privat