Ny studie: Noreg må fase ut oljen først

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For at vi skal klare å halde temperaturauken på jordkloden til halvanna grad, lyt størsteparten av olje-, gass- og kolproduksjonen verte fasa ut til fordel for fornybar energi innan 2050.

Ein nye studie, som er publisert i forskingstidsskriftet Climate Policy, har teke sikte på å finne ut kva land som bør vere først ute med utfasinga, og konklusjonen er: Noreg.

Det skriv Bistandsaktuelt.

Best rusta for overgangen

– Det er fordi Noreg har ein brei, mangfaldig økonomi som kan absorbere arbeidarar inn i andre sektorar, samt verdas største statlege pensjonsfond. I tillegg finst sterke institusjonar som kan garantere ein sosial og ansvarleg overgang, noko som ikkje er tilfelle i mange utviklingsland.

Det seier forfattaren av studien Greg Muttitt frå UCL Energy Institute til Bistandsaktuelt.

Etter Noreg er det Storbritannia, Canada og USA som er best rusta for å stenge oljekrana, og leie an i overgangen til fornybarsamfunnet.

Usolidarisk norsk oljeproduksjon

Muttitt har teke føre seg økonomien og oljeavhengigheita i ei rekkje oljeproduserande land, og meiner Noreg har minst å tape på å faste ut oljen.

Ifølgje studien kjem berre 10 prosent av Noreg sitt offentlege budsjett frå oljeinntekter, medan det utgjer ein langt større del i utviklingsland. I land som Aust-Timor eller Irak står oljen for høvesvis 60 prosent og 85 prosent av dei statlege inntektene.

Muttitt fortel Bistandsaktuelt at ei nedskalering i oljeproduksjonen i desse landa vil gå direkte utover dei offentelege tenestane til innbyggjarane, noko som ikkje nødvendigvis er tilfelle i land som Noreg og Storbritannia.

Samstundes set han den norske produksjonen inn i eit verdsomspennande karbonbudsjett:

– Kvart oljefat som vert produsert i Noreg, er eit oljefat som ikkje kan verte produsert ein annan stad. Den norske energipolitikken, som går ut på at det er norsk olje som skal verte vunnen ut og med det ta plassen i karbonbudsjettet, er ikkje solidarisk. Den set oljeavhengige i utviklingsland i ein vanskeleg situasjon.

Rike, oljeavhengige land som Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar må også fase ut oljen, konkluderar studien, men Muttitt meiner dei lyt få meir tid då økonomien i stor grad er bygd rundt olje.

– Me skal ikkje bruka uendeleg med pengar no, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Svein Olav B. Langåker