Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I september i år, følgde den amerikanske ordboka Merriam-Webster i Oxford English Dictionary og Dictionary.com sine fotspor, ved å legge til «they» som eit personleg pronomen, eintal, slik det blir brukt av ikkje-binære personar.

No har Merriam-Webster annonsert at «they» er årets ord.

313 % meir søkt på samanlikna med 2018

Ordet «they» er det ordet som har vorte mest søkt på i Merriam-Webster si ordbok på nett. Det har vorte søkt opp heile 313 prosent meir i år enn i fjor.

Ordboka skriv mellom anna:

– Sjølv om ord som vert søkt opp hos oss ofte kjem frå ting som skjer i nyhenda, er ordboka også ei førstehandskjelde for informasjon om språket i seg sjølv. Den nye bruken av «they» som personleg pronomen i eintal, har vore emne for mykje diskusjon dei siste åra.

ti på topp-lista elles finn me: Quid pro quo, Impeach, Crawdad, Egregious, Clemency,  The, Snitty, Tergiversation, Camp og Exculpate. Dei tre siste åra er det Justice, Feminism og Surreal som har vorte årets ord.

Mykje diskusjon rundt eintals-«they»

I september annonserte Sam Smith at deira pronomen er dei, noko som skapte mykje furore.

Mange meiner det er vanskeleg og irriterande å bruke pronomenet slik, fordi det kan blandast med fleirtals-dei. På andre sida er motargumentet at ein på engelsk har både eintal og fleirtal av «you», og at dette vil vera det same.

Men bruken av ordet «they» i eintal er ikkje så nytt som ein kanskje skulle tru – ordet har vorte nytta i ovver 600 år allereie.

Oxford English Dictionary reknar at den første bruken av «they» i eintal kjem frå eit mellomalderdikt frå 1375, og ein trur det vart brukt munnleg også før det.

Ikkje-binær kjønnsidentitet

– I nyare tid har det også blitt brukt til å referere til ein person med kjønnsidentitet som ikkje er binær. Det er ingen tvil om at bruken er etablert i det engelske språket, og det er grunnen til at det vart lagt til i Merriam-Webster.com-ordboka i september, skriv ordboka vidare.

I tillegg har det blitt meir normalisert å anarkjenna at dei to kjønna mann og kvinne, ikkje funkar for alle. I USA er det innført eit tredje kjønn på førarkortet i 14 statar, og det vert stadig diskutert å opna for eit juridisk tredje kjønn også i Noreg.

På norsk har me vedkomande, men dei siste åra har mange også teke i bruk hen frå Sverige, som fungerer som kjønnsnøytralt eintalspronomen. I tillegg er det fleire som brukar dei, som eintalspronomen.

– Tidlegare visste eg ikkje om ikkje-binære. Eg tenkte «eg har jo ein kvinnekropp, så då er det sikkert det eg er», forklarer Ingrid Bjørshol. Foto: Vetle Mikkelsen