«Klimakrisa er ikkje Frode (43) si skuld – vi må endre systemet»

Ingeborg Sævik Heltne og Esten Segbø
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ikkje tilfeldig at vi dei siste åra har gått frå å snakke om klimaendringane til å snakke om klimakrisa. Det er ikkje barnsleg idealisme og krisemaksimering som gjer at millionar av menneske verda over klimastreikar for å krevje klimahandling – eller saksøkjer staten, for den saks skuld.

Det som før vart sett på som konsekvensar vi ville sjå ein gong i framtida, og noko vagt og udefinerbart, er i dag ein del av kvardagen vår, akkurat no.

Vi har ti år på å førebygge irreversible, katastrofale konsekvensar.

Likevel får vi korona-krisepakkar som gir lommerusk til grøn omstilling, og milliardar til oljenæringa. Vi får statsbudsjett som forsterkar forskjellane, og som gjer det veldig openbert at den norske regjeringa ikkje tek klimakrisa nok på alvor. 

Eit ubebueleg helvete

Nyleg gav UNDRR, FNs kontor for kriserisikoreduksjon, ut ein rapport som heiter The human cost of disasters, som gir ei oversikt over kriser dei siste 20 åra. Ei setning i forordet stikk spesielt ut, og som vi vil dele med alle dei som endå ikkje forstår omfanget. 

«It is baffling that we willingly and knowingly continue to sow the seeds of our own destruction, despite the science and evidence that we are turning our only home into an uninhabitable hell for millions of people.»

Ein av mange konsekvensar av global oppvarming er meir ekstremt vêr.

I tidsrommet 1980-1999 vart det rapportert 4212 naturkatastrofer. Dei siste 20 åra har vi hatt 7348 naturkatastrofer, som har teke livet av 1,23 millionar menneske.

Ein stor del av verdas befolking – 2,04 milliardar – har på ein eller annan måte vorte råka av ei naturkatastrofe. 

Dette er ikkje tilfeldig – og det blir verre.

Skogbrannar i Australia, Amazonas og California fyller nyhendebiletet. Tørke øydelegg avlingar, og flaum råkar bygder, byar og slumområde over heile verda. Då er ikkje store, dyre, teknologiske løysingar som elbilsatsingar, klimakvoter og karbonfangstanlegg til mange milliardar løysinga.

Især ikkje når vi samtidig øydelegg naturens eigne karbonlager og lagringsmekanismar. 

66 år med karbon i norske myrer

Eit døme på dette er myrer.

Rundt 10 % av Noregs areal består av myr. Desse ti prosenta med myr lagrar ekstremt mykje karbon – om lag tilsvarande 66 år med Noregs årlege utslepp, utan å ta med eksportert olje og gass. Myrer er med andre ord heilt sentralt i å avgrense menga utslepp av drivhusgassar til atmosfæren.

Men samtidig har myrer ein annan viktig funksjon. Myrer har nemleg ei ekstraordinær absorpsjonsevne, og er sentrale i å avgrense dei øydeleggjande effektane av flaum.

Det er meir aktuelt enn nokon gong før – gitt at vi dei siste 20 åra har sett 1865 fleire naturkatastrofer i form av flaum, enn samanlikna med dei 20 åra før, ifølgje FN-rapporten The Human Host of Natural Disaster

Dette er ikkje tilfeldig – og det blir verre

Norsk myr er i dag regulert av forskrifter som skal hindre omfattande utgraving av myr. Mellom anna er det ikkje lov å grave ut myr for å lage jordbruksareal. Samtidig ser vi igjen og igjen at myr blir greve ut, mellom anna for å byggje nye motorvegar – som E39, der motorvegen kjem til å øydeleggje myra som ligg der vegen er planlagt. Dette tenkte dei ikkje på før arbeidet var nær ved å starte.

Om me tek eit døme: ei myr på ca. 9 meter djupn lagrar karbon tilsvarande utslepp frå om lag 1700 nordmenn årleg. Éi myr. Det er fleire hundre myrområde som er truga av utbygginga av ferjefri E39. Eit vegprosjekt som – ifølgje Statens Vegvesen – vil gi eit lågare klimagassutslepp, basert på tal fra Miljødirektoratet. Desse tala tek rettnok ikkje høgde for ulike myrtypar.

Heldigvis gjer ikkje det så mykje – fordi det kjem til å bli køyrt elbilar og el-bussar på dei. Det veg vel opp for tapet av myr, eller?

Også den planlagde tredje rullebana på Gardermoen er planlagd å leggjast der det i dag er myr. 

Klimakrisa er ikkje Frode (43) si skuld

Dagens klima- og naturkatastrofer er ikkje eit resultat av at Frode (43) køyrer bil til jobb. Det skjer heller ikkje fordi Laila (74) nytta pensjonspengane sine på ein tur til Gran Canaria i 2017. Det skjer ikkje fordi Anne (22) et kjøt til middag.

Det skjer fordi systemet vi lever i i dag, legg opp til at vi skal forbruke så mykje som mogeleg – og problemet kan ikkje løysast av å legge ansvaret for å forbruke mindre på enkeltpersonar. 

Kvifor? Nøkkelordet er profitt. Profitt og økonomisk vekst – for dei store, for dei få.

71 % av alle verdas utslepp kan sporast tilbake til berre 100 selskap.

Hundre.

Då framstår dei små utsleppa til kjøt-middagen til Anne eller bilturen til Frode brått litt meir ubetydelege. Og vårt eige Equinor er eit av dei 100 selskapa. Norsk olje er grønare enn anna olje, sa du? 

Norsk olje er grønare enn anna olje, sa du? 

For å mette det forbrukarsamfunnet som vert pressa ned på oss, vert enorme landareal med skog, myr, jordbruksjord og regnskog hogga ned, grave opp og brent. Alt for å gjere plass til fabrikkar og gardar som skal masseprodusere alt vi treng – og ikkje treng – til kunstig låge prisar.

Naturen vert sett på som «evigvarande», med ressursar som kan omgjerast til profitt for dei rikaste. Slik kan vi her heime late som vi aukar livskvaliteten vår, samtidig som store selskap øydelegg framtida til våre barn og barnebarn. 

Det neoliberale systemet har rett og slett ikkje teke inn i kalkulasjonen at jordkloda ikke er uendeleg. Vi har dessverre ikkje uendeleg med ressursar, og det må også det økonomiske systemet vårt vurdere.

For å redde myra vår, og redusere sjansen for at enda fleire millionar av menneske må vekse opp på ei uleveleg klode, må vi revurdere dette systemet, som opprettheld og forsterkar krisa. 


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no