Éin prosent av verdas befolkning står for halvparten av CO2-utsleppa frå flytrafikken

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten slår dermed fast at ein svært liten del av verdas befolkning flyr mykje, men at dei få som flyr står for ein uforholdsmessig stor del av utsleppa.

Om ein vil finna ein måte å stoppa klimaendringane på, må ein endra [luftfartsindustrien]. Ein må starta på toppen, kor nokre få reisande bidreg sterkt til global oppvarming.

Det seier professor Stefan Gössling, som leia arbeidet med studien, ifylgje avisa The Guardian.

Grøne krav i redningspakkene?

Under koronapandemien har antal flyreisande vorte halvvert. Forskarane bak studien meiner pandemien er ein moglegheit til å gjera luftfartsindustrien meir grøn og berekraftig.

Eit døme er ved å festa grøne krav til redningspakkene styresmaktene i ulike land har kome med til kriseramma flyselskap dei siste månadane. Ein stad dei har gjort dette er i Frankrike, ifylgje BBC.

Stefan Gössling er professor ved Linnéuniversitetet og Lund universitet, og er forskar ved Vestlandsforsking.
Foto: Linnéuniversitetet

Luftfarta sitt bidrag til global oppvarming var i raskt vekst før pandemien, med ei auke i utslepp på 32 prosent frå 2013 til 2018.

Trass mindre reising i 2020, ventar luftfartsindustrien å vera tilbake for fullt innan 2024.

Dei som reiser mest med fly, reiser i snitt kring 56 000 km i året, seier Gössling ifylgje The Guardian. Det vil seia tre lange flyreiser, ei kort flyreise i månaden, eller ein kombinasjon av dei to.

Dei fleste flyr ikkje i det heile teke

Forskingsrapporten, som er publisert i Global Environmental Change, fann også at store delar av befolkninga ikkje reiser med fly i det heile.

53 prosent av amerikanarar flyr ikkje. Det same gjeld 65 prosent av tyskarar, og 66 prosent av befolkninga i Taiwan.

Studien syner at USA står for dei største utsleppa mellom rike land. Kina er verstingen mellom andre land, utan at data derfrå er tilgjengelege.

Gössling trur likevel at dei kinesiske utsleppa ikkje utgjer meir enn ein femtedel av dei amerikanske.

Tala synte også stor vekst i internasjonale flygingar frå 1990-2017, med tredobling av denne typen flygingar i Australia, og ei dobling i Storbritannia.

Figur frå studien som syner korleis flyreisene er fordelt i den amerikanske befolkninga.
Illustrasjon: Stefan Gössling / Andreas Humpe.

Må endra sektoren

Forskarane estimerer i studien at kostnadane frå klimaskadane forårsaka av luftfart var kring 100 milliardar dollar i 2018. Den manglande betalinga for å dekka desse skadane, ser forskarane på som ei subsidiering av dei mest velståande sine reiser.

Gössling og dei andre forskarane meiner dette syner behovet for å endra sektoren og reisevanane til dei få menneska som står for ein så stor del av utsleppa.

Eit forslag for å gjera terskelen for flyreiser høgare for dei hyppigast reisande, er å pålegga dei såkalla karbonavgifter.

Det har ikkje Gössling tru på, då denne gruppa reisande er svært velståande, og neppe vil la seg stoppa av høgare billettprisar.

Gössling trur det er meir produktivt å oppmoda flyselskapa til å auka bruken av «berekraftig flydrivstoff» kvart år fram til til 2050. Fleire aktørar i industrien støttar alt ei slik løysing.

Annan forsking av Gössling syner at halvparten av fritidsreiser med fly ikkje vert vurdert som «viktige» av dei reisande, og at mykje reise finn stad berre fordi det er billeg.

Gössling sjølv, slutta å fly på ferie alt i 1995. Han har i seinare år også slutta å reisa til fagkonferansar som krev flyreise, ifylgje The Guardian.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen