Refused med Palestina-appell på Øya: – Blod på hendene uansett
Onsdag tok det svenske punkbandet Refused med seg både aktivistar og politiske bodskap på scena. Samtidig spør fleire: Er det nok å stå på scena og ropa, eller burde ein heller blitt heime?

Det har vore stor debatt om årets Øya-festival etter at fleire har kritisert både festivalen, band på scena og publikum for å delta. Kritikken går på at festivalen er eigd av Superstruct som igjen er deleigd av KKR, som investerer i israelske selskap.
Fleire tek til orde for boikott og kritikk mot dei som støttar Israel eller investerer i Israel, på grunn av krisa i Gaza, og aktivistar har mellom anna demonstrert med å kle seg i likposar utanfor inngangen til årets Øya-festival.
– Øya må bli apartheidfri
Onsdag kveld stod det svenske punkbandet Refused på scena, under sin avskjedsturné. Dei har aldri vore redde for å ytre sine meiningar, og har vore tydeleg på at dei støttar Palestina.
Konserten på Øya var ikkje eit unntak, og på backdropen på scenen stod det mellom anna «Free Palestine». Under opningslåten hadde dei fått med seg norske aktivistar med Palestina-flagg og banner der det stod «Din stille drep» og «Øya må bli apartheidfri».
– På tide at me knusar kapitalismen
Frå scenen heldt vokalist Dennis Lyxzén også ein appell, der han mellom anna sa:
– Hyperkapitalismen kjem inn over alt. Det er fire konglomerat som eig alt i verda. No er det sånn at uansett korleis me oppfører oss, så har me liksom blod på hendene.
– Eg forstår heile problematikken med det at Øya jobbar med Superstruct, som vert eigd av KKR, som er eit super-avskyeleg kapitalistisk føretak som har busetningar i Palestina. Dei er motbydelege. Og eg forstår at når ein ser disse strukturane så tenker ein «det her er faens sinnssjukt».
Han meiner det positive er at det synleggjer alt som er feil med kapitalismen.
– I staden for å bli sint på ein kompis som går på festival, i staden for å bli sint på nokon som drikk ein jævla Pepsi, så er det faen på tide at me knusar kapitalismen og omstrukturerer heile samfunnet, så me faktisk kan leva ok.
– Synd at dei spelte på Øya
Kontoen @tbatba.no har lagt ut klippet og i kommentarfeltet er det delte meiningar rundt appellen. Fleire meiner det blir for enkelt å oppmoda til å «knusa kapitalismen» og meiner at nettopp boikott det private faktisk kan gjera for å vera med å endra på systema.
Komikar Amir Asgharnejad skriv «Så synd at dei spelte på Øya og ikkje var punk og antikapitalistiske nok til å trekka seg».
– Skjøner at folk kritiserer banda

Maria Louise Hundeide Godoy (22) er leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.
Maria Louise Hundeide Godoy er leiar i Solidaritetsungdommen, og seier at dei har i sin handlingsplan at dei skal drive med systematisk og rettferdig boikott av selskap som på ulike måtar bidreg til folkemordet og okkupasjonen av Palestina.
– Eg synest jo det er fint at artistane viser engasjement og set lys på saka, men at kanskje inntektene frå festivalen burde gå til noko anna enn til deira eigarar.
Ho vil gi skryt til publikum og artistane som seier frå når dei først er der.
– Men eg skjønner at folk kritiserer banda. Det er kanskje kult å gjera ein backup-sjekk som artist, før du skal vera med på ting.
Ho meiner vokalisten i Refused har eit godt poeng i at det er kapitalismen sin feil, og skjønner at ein kan bli lei av berre boikott.
– Me er opptekne av å ikkje berre peika på den store stygge ulven, men også løfte andre og finne gode alternativ.
Ho viser til Blå og Undergrunn som har vald å trekka seg ut av Øya, og heller laga sine eigne konsertar desse dagane.
– Det hyllar me. Det same gjeld for Øya: Det er ikkje så vanskeleg å finne eit alternativ til Pepsi til dømes. Boikott er ein konkret og effektiv metode for å vise solidaritet, og sette pres på uetiske aktørar.
Øya svarar:
Jonas Prangerød er PR-sjef for Øyafestivalen og skriv i ein e-post til framtida.no at festivalen er ein arena for ytring og engasjement, noko ein opplever både på scenane og i publikum.
– Me har lenge visst at fleire av våre artistar vil markera støtte til Palestina frå scenen, det skjedde også i fjor.
Han skriv vidare at dei forstår engasjementet, og er samde i at krigsbrotsverka, folkemordet og svolten i Palestina må ta slutt.
– Sånn me oppfattar det er me samde med aktivistane om dette målet, men me brukar litt ulike verkemiddel.