Tenåringsjenter søkte Helsedirektoratet om å få feira bursdagen sin med klassen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Me er to jenter som vil feira bursdagane våre saman. Me hadde tenkt å ha festen heime. Me ser at grensa på 20 personar gjer at me ikkje kan be alle gjestene, slik me hadde håpa».

Det skriv jentene i ein epost til smittevernoverlege Lars Helge Sørheim i Stord kommune, ifølgje lokalavisa Sunnhordland. Dei omtalte saka først.

Jentene i tenåra understrekar at alle går i same klasse, og dermed er i same kohort.

LES OGSÅ: Alt du må vite om munnbind

Ingen unntak på fritida

Smittevernoverlegen viser til at den øvre grensa på 20 personar ved private arrangement er råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

– Kohortar på skulen er ein måte å driva skulen på som er vurdert som trygg nok under pandemien. Fritida og det private er noko anna, og har andre råd og reglar, skriv Sørheim i svaret sitt.

Helsedirektoratet skriv på Helsenorge.no at arrangement på private stader kan gjennomførast, og men at det er viktig å følgja råda. Eksempel på slike arrangement er bursdagsfeiringar og konfirmasjonsfeiringar i private heimar.

LES OGSÅ: Korona-pandemien: Dyster milepæl er passert

Forstår avslaget

Jentene, som vil vera anonyme, har òg skrive epost til Helsedirektoratet. Men også der er det nei å få.

Til Sunnhordland fortel jentene at det kan vera litt vanskeleg å skjøna regelverket, og skilnaden mellom skulekvardag og fritid. Men dei har likevel forståing for avslaget.

På offentlege stader er det no lov med inntil 200 deltakarar, men då er det strenge reglar for gjennomføring av arrangementa.


LES OGSÅ: Jonatan (14) om korona: – Folk tenkte det var ein joke

generasjon korona Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerødholm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerø-Holm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida. Foto: Svein Olav B. Langåker

Råd frå Helsedirektoratet:

  • Det skal ikkje vere meir enn 20 personer samla på private arrangement, er anbefalinga frå Helsedirektoratet.
  • Det bør vera minst éin meter mellom gjestene. Dette gjeld ikkje for dei som tilhøyrer same husstand eller er kvarandre sine nærmaste.
  • Gjer det lett for gjestene å vaska hender, både når dei kjem og undervegs.
  • Alle som er til stades må vera friske.
  • Ikkje inviter fleire enn du har god plass til.
  • Ha oversikt over kven som er på arrangementet og helst skriv ei liste over kven som er der.
  • Det kan vera lettare å halda avstand utandørs enn innandørs, men det er fortsatt fråråda å ha fleire enn 20 personar samla når de er på ein privat stad, sjølv om det er utandørs.
  • Kjelde: Helsenorge.no