«Sex er aldri ei sjølvfølgje»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I det siste har debatten rundt sex utan samtykke dukka opp igjen. Innafor har ei episode om temaet, det blir skrive artiklar om korleis ein brukar dei forskjellige omgrepa, fleire og fleire deler historiene sine, og Amnesty har ein pågåande underskriftskampanje for å få samtykkelov.

Eg synest dette er veldig vanskelig å skrive om. Eg har starta på denne teksten så mange gongar, for så å legge den frå meg igjen. Dette viser kanskje at det er eit ekstremt viktig tema, og noko som ikkje blir snakka så mykje om som det burde bli. Og det at eg innser kor viktig det er, gjer det berre endå meir frustrerande at eg ikkje får til å skrive om det.

Men no prøver eg igjen, på utkast kven-veit-kva-nummer.

1 av 4 i 20-åra

Eg synest at ei samtykkelov høyrest fint ut, det er noko godt og trygt over det, og noko eg skulle ønskje vi allereie hadde.

Om vi hadde hatt ei samtykkelov i Noreg hadde også dei gongane ein blir pressa til å ha sex, fått grensene sine overskridne, og ikkje har gitt eit aktivt samtykke til å ha sex med den andre parten, blitt rekna som valdtekt. Når dette blir rekna som valdtekt, kan det også straffast som valdtekt.

Når dette blir rekna som valdtekt, kan det også straffast som valdtekt.

Slik det er i dag har 1 av 4 unge i 20-åra opplevd uønskja sex. Tenk over kor mange du kjenner i denne aldersgruppa.

Kanskje er du i 20-åra sjølv, som eg, og får heilt klump i halsen og vondt i magen av å tenke på kor mange av dine venner og kjenningar som har opplevd korleis det er å ikkje bestemme over eigen kropp, å ikkje ha kontroll, og å bli krenka når ein er på sitt mest sårbare.

Handlingslamma

Korleis offeret reagerer varierer, men ein av dei vanlegaste responsane er å bli frosen. Når noko ein ikkje ønsker skal skje mot ein likevel skjer, kan ein bli heilt handlingslamma.

Nokon får ikkje til å bevege seg, andre får det kanskje til til ei viss grad, medan andre ikkje får til å snakke.

Når denne forma for reaksjon er ein av dei typiske menneskelege overlevingsstrategiane, blir det veldig rart at dette ikkje blir teke omsyn til i straffelova § 291. Korleis skal ein vere i stand til å motsette seg handlinga når ein er handlingslamma?

I straffelova § 291 står det at valdtekt er seksuell omgang ein skaffar seg ved vald eller truande åtferd, seksuell omgang med nokon som er bevisstlaus eller av andre grunnar ikkje er i stand til å motsette seg handlinga, eller at ein ved vald eller truande åtferd får nokon til å ha seksuell omgang med ein annan, eller til å utføre handlingar som svarar til seksuell handling med seg sjølv.

Oppsøke samtykke

Om vi hadde hatt ei samtykkelov her i landet, er ville det vore valdtekt så lenge ein ikkje har fått eit aktivt samtykke, altså eit «ja» eller «eg vil ha sex med deg», frå den andre parten. Eg trur dette kunne ha vore med på å gjere folk flinkare til å oppsøke samtykke.

Sjølvsagt trur eg ikkje ei slik lov i seg sjølv vil endre den ukulturen, om eg kan kalle det det, men det er eit stort steg i riktig retning.

For det fyrste fordi lova tek offeret på alvor, og konsekvensane han eller ho må leve vidare med. Men også fordi det då blir konsekvensar for dei som utfører denne type misbruk av andre menneske, og dermed kan verke som eit preventivt tiltak.

Med både før og etter (ver så snill) vi har fått samtykkelova, treng vi å snakke meir om dette.

Forvirrande og vonde kjensler

Ein av grunnane til at vi snakkar så lite om dette er nok at det er veldig mange forskjellige og vonde kjensler knytt til sex utan samtykke, eller det å få grensene sine overskridne.

Kvifor tek vi ikkje denne typen overgrep meir på alvor?

Det kan vere vanskeleg å tru at det som skjedde faktisk har skjedd, ein er forvirra. Når ein forstår at det som skjedde er verkeleg, er det fleire som kan kjenne på skam, framandgjering ovanfor eigen kropp, frykt, meiningslause og så mykje meir. Nokon får angst og depresjon av ei slik hending.

Når konsekvensane er så store, og kan vare over fleire år, kvifor tek vi ikkje denne typen overgrep meir på alvor?

Overgriparen ser ikkje alltid ut som ein skurken

Eg kjenner fleire som har vorte utsett for slike situasjonar.

Det som ofte gjer det mest forvirrande er at den som utfører handlinga ikkje ser ut eller oppfører seg som skurken i ein film. Det kan vere ein dei har date-a og likar godt, kjærasten eller sambuaren. Det kan også vere ein god venn, eller ein du har hatt god tone med på festen.

Det at det ikkje alltid er eit vondt menneske som gjer dei vonde handlingane gjer alt mykje vanskelegare.

Tidlig lærer vi at ein ikkje burde gå heim åleine på natta, at ein burde ha nøklane klare i handa om nokon følgjer etter ein, snakke i telefonen (i alle fall late som) og gi beskjed til nokon når ein har kome trygt heim.

Men vi lærer ikkje noko om kva ein skal gjere når ein ikkje får til å seie nei, kva ein skal gjere når nokon ikkje respekterer grensene dine, eller kvifor elles gode, oppegåande menneske plutselig handlar som om dei er ein annan.

Sex er aldri ei sjølvfølgje

Det er inga sjølvfølgje at ein skal ha sex om ein har hatt det triveleg saman på vors/fest/nach.

Det er inga sjølvfølgje at ein skal ha sex om ein har kyssa, eller om ein får invitasjon til å overnatte.

Det er inga sjølvfølgje at ein skal ha sex om ein har hatt sex før heller.

Sex er aldri ei sjølvfølgje.

Og det er noko vi burde snakke meir om slik ein ikkje føler seg pressa til å ha sex for å ikkje vere «kjip», eller for at ein er redd kva den ein likar tenker om ein ikkje har sex den natta.

Men det er òg viktig å huske dette for den andre parten: sex er aldri ei sjølvfølgje og derfor må ein alltid spørje om samtykke.

Eg håpar verkeleg at debatten denne gongen blir tatt på alvor, at vi får igjennom ei samtykkelov, slik at i alle fall generasjonane etter oss ikkje kan seie at 1 av 4 i 20-åra har opplevd uønskja sex.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Forfattar Kathrine Nedrejord meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera.

Forfattar Kathrine Nedrejord meiner det juridiske språket kring valdtekt kan verke framand for offera.