Kennedy (22) fekk ordboka til å endre definisjonen av «rasisme»

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.11.2020 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske ordboka Merriam-Webster vil oppdatere definsjonen av ordet «rasisme», etter at Kennedy Mitchum (22) påpeika at den var for dårleg.

Det melder CNN.

– Ikkje representativ for det som skjer i verda

22 år gamle Kennedy Mitchum hadde fleire gongar delteke i diskusjonar, der folk peika på rasisme-definisjonen for å bevise at dei ikkje var rasistar. Det hende stadig oftare no, i tida etter George Floyd vart drepen.

– Eg måtte heile tida fortelle dei at definisjonen ikkje er representativ for kva som faktisk skjer i verda. Måten rasisme skjer på i verkelegheita er ikkje berre fordommar, det er systematisk rasisme som råkar mange svarte amerikanarar, seier Mitchum til CNN. 

Ho fortel at mange avviste uroa hennar over rasismen og oversåg omfattande diskriminering, fordi dei ikkje personleg kjende seg att i synet på menneske med ulike hudfarge som vart skildra i ordboka.

Ufullstendig definisjon

Merriam-Webster sin noverande definisjon, forklarar rasisme som:

  1. ei tru på at rase er den avgjerande faktoren for menneskelege eigenskapar og evner, og at dette fører til at ein rase er overlegen andre
  2. a) ein doktrine eller politisk program som baserer seg på rasisme, og vil handle deretter
    b) eit politisk eller sosialt system som er basert på rasisme
  3. fordommar eller diskriminering grunna rase

 

Skjermdump frå Merriam Webster si digitale ordbok. Teke 11. juni 2020.

Kennedy Mitchum etterlyste ein definisjon som også inkluderte systematisk rasisme.

Trudde ikkje på endring

Då Kennedy Mitchum sende e-post til Merriam-Webster i slutten av mai hadde ho ikkje høge forhåpningar, ifølgje CNN.

Difor vart ho overraska då redaktøren Alex Chambers svara og ordboka gjekk med på å oppdatere definisjonen.

– Denne endringa hadde ikkje funne stad utan at du heldt fram med å kontakte oss om problemet, skreiv han i ein e-post som CNN har fått tilgang til. 

Han takk for at Mitchum tok kontakt, og ba også om orsaking for at Merriam-Webster ikkje har teke grep før.

Ordboka vert oppdatert eit par gongar i året, og den nye definisjonen kan vere på plass til august. Ifølgje nettavisa Vox skal Merriam-Webster også gå igjennom andre ord som er knytt til rasisme.

Definisjonsdebatt i Noreg

Også i Noreg har definisjonen av «rasisme» vore oppe til diskusjon fleire gongar, sist i desember 2018.

Då kritiserte forfattar og idéhistorikar Dag Herbjørnsrud Store Norske Leksikon for å omdefinere omgrepet. Han skulda den tidlegare redaktøren Aksel Braanen Sterri for å gradvis ha endra definisjonen slik at det vert opna for at det finst ulike «raser» som kan rangerast.

Saka skapte veldig debatt i Noreg, og artikkelen vart i ettertid endra.

Mariama Marong har ein klår beskjed til kvite nordmenn: De som faktisk har ein fordel ved at stemmene dykkar ber ei høgare røyst: BRUK den. Foto: Privat