Smitten aukar blant tenåringar – ekspertutval skeptisk til å stengje skulane
Koronasmitten aukar no mest hos 13-19-åringane. Men i ein ny rapport åtvarar ekspertutvalet til regjeringa om konsekvensane ved strengare tiltak på skulane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– For at tilboda til barn og unge skal kunne oppretthaldast på eit så normalt nivå som mogleg, må resten av samfunnet tole strengare smitteverntiltak. Målet er å halde smitten så mykje nede i samfunnet generelt at vi kan skjerme barn og unge, skriv utvalet i rapporten, som blir lagd fram torsdag.
Kunnskapsminister Guri Melby (V) er fornøgd med rådet ho får.
– Terskelen for å stengje ned eller stramme inn på tiltaksnivåa i norske barnehagar og skular skal vere høg. Eg er glad for at ekspertgruppa er så tydeleg på dette, seier ho.
Gruppa åtvarar om konsekvensane ved å stengje skulane, men også ved å heve beredskapsnivået til raudt, noko som inneber strenge avgrensingar i skule- og barnehagekvardagen.
Aukar mest blant tenåringar
Utvalet, som blir leidd av direktør Hege Nilssen i Utdanningsdirektoratet, har fått med seg utviklinga som FHI onsdag varsla om i den siste vekerapporten sin. Tala viser at koronasmitten går opp i alle aldersgrupper, men at auken er størst blant tenåringane.
Gruppa 13–19 år har no det høgaste talet på melde tilfelle i forhold til befolkningstalet.
– Aukande smittetal i aldersgruppa 13–19 år utfordrar ambisjonen om låg tiltaksbyrde for barn og unge. I situasjonar med aukande smitte er det avgjerande viktig med gode vurderingar som veg opp omsynet til det beste for barn og unge og omsynet til smittevern, heiter det i rapporten.
Ekspertgruppa påpeikar at det er mange døme på at sosiale arrangement i privat regi utanfor skulen fører til smitte hos barn og unge – noko som igjen fører til at skulane og barnehagane strammar inn.
– Dei negative konsekvensane av reduserte tilbod retta mot barn og unge er alvorlege og godt dokumentert. Derfor er det viktig at barn og unge blir skåna for dei strengaste tiltaka og kan vere mest mogleg i barnehage og skule, seier Nilssen.
Tilrår å vente med raudt nivå
Ekspertane kjem med ei rekkje råd til regjeringa og lokale styresmakter i rapporten.
Mellom anna tilrår dei at raudt nivå i skular og barnehagar ikkje blir innført før ein har prøvd med tiltak andre stader i samfunnet for å redusere smitten. Elles ber dei om at dei strengaste tiltaka ikkje varer i meir enn fjorten dagar om gongen, og at ein berre stengjer ned nokre få dagar i tilfelle der ein treng å få oversikt over eit utbrot.
– Det er viktig å erkjenne at raudt tiltaksnivå i seg sjølv er så inngripande at det ikkje er mogleg for skulane å gi eit likeverdig tilbod som tek vare på alle barn og unge i samsvar med rammene i regelverket, heiter det i rapporten.
Barn ikkje sentrale smittedrivarar
Ekspertgruppa vart opphavleg sett ned då regjeringa stengde ned skulane og barnehagane i vår, for å vurdere konsekvensane av dette. Dei tilrådde å opne opp igjen, noko regjeringa òg gjorde.
I takt med at smittetala byrja å auke i haust, «gjenoppliva» regjeringa dette utvalet og bad medlemmene om å vurdere korleis smitteverntiltaka har påverka skular og barnehagar og komme med eventuelle forslag til nye tiltak.
Forutan Nilssen i Utdanningsdirektoratet består gruppa av direktør Mari Trommald i Bufdir, overlege Margrethe Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet og avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen i Helsedirektoratet.
I den siste rapporten viser dei til at barn ikkje ser ut til å vere sentrale smittedrivarar for covid-19, men at risikoen for å bli smitta eller smitte andre aukar med alderen.
– Dataa tilseier at dei fleste barn og unge blir smitta innan familien, og at flest tilfelle blir meld frå område med meir utbreidd smitte, slår utvalet fast.