Fråværsgrensa har medført betre karakterar og mykje lågare fråvær

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedgangen gjeld for alle elevgrupper. Elevane som har redusert fråværet sitt mest, er elevane som hadde høgast fråvær frå før.

– Fråværsgrensa som regjeringa innførte for fire år sidan, har ført til at elevane er meir på skulen, og at dei lærer meir. Det viser at det å stille krav til oppmøte og nærvær i vidaregåande opplæring er rett, seier statsminister Erna Solberg (H) i ei pressemelding.

– Liten tvil om at fråværsgrensa fungerer godt

Då grensa vart innført hausten 2016, vart ho kraftig kritisert, mellom anna av Elevorganisasjonen.

Den ferske rapporten konkluderer med at fråværsgrensa er ein suksess for dei fleste, men at det er for tidleg å seie om det har ein konsekvens for fråfallet i skulen.

– Når vi veg fordelar opp mot ulemper, er det liten tvil om at fråværsgrensa fungerer godt og er eit gode for det store fleirtalet av elevane. Dei er meir på skulen, og dei presterer betre, skriv forskarane i rapporten sin.

Ikkje gått utover andre legepasientar

Fråværsgrensa inneber at elevar i vidaregåande skule som har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, som hovudregel ikkje vil få halvtårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.

Innføringa av grensa medførte ein betydeleg auke i etterspurnaden etter fastlegetenester frå elevane.

Evalueringa konkluderer likevel med at det ikkje er grunnlag for å seie at auken i fastlegebesøket frå elevane har gått utover andre pasientar.

– Til saman indikerer analysane våre at fastlegane får hyppigare besøk av elevar i vidaregåande opplæring utan at det resulterer i færre besøk av andre pasientar. Dette kan tyde på at fastlegane får totalt fleire pasientar til konsultasjon etter innføring av fråværsgrensa, konkluderer forskarane i rapporten.

I spesielle tilfelle kan rektor bestemme at ein elev som har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær, likevel skal kunne få karakter.

Elevar står utan vurderingar i fleire fag

Rapporten viser derimot at det òg er utfordringar. Elevane som tidlegare har fått «ikkje vurdert» i eitt fag, får det no i fleire fag.

Når det gjeld elevane som slit, konkluderer rapporten med at fråværsgrensa verken er problemet eller løysinga for dei, sidan utfordringane deira er langt meir samansette.

– Det er elevgrupper som har behov for andre verkemiddel enn fråværsgrensa for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. I den samanhengen er det relevant å spørje om det bør vere eit mål at alle skal gå over i vidaregåande opplæring, skriv forskarane.

Mellombels pandemiendring

Funna som vart presenterte måndag, vart samla inn før koronapandemien.

For tida slepp elevane å dra til fastlegen for å dokumentere fråværet sitt som følgje av pandemien.

Fråværsgrensa skal i utgangspunktet gjelde som normalt igjen frå 1. august, men Kunnskapsdepartementet vil fortløpande vurdere om det må gjerast mellombelse justeringar.

Evalueringa av regelen vart presentert på Lambertseter vidaregåande skule i Oslo måndag. Til stades var statsminister Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Melby kom for seint til presentasjonen, men det er uvisst om ho hadde gyldig fråvær.