Landsrådet av Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar: – Mange av medlemmane våre slit med einsemd

Noregs bygdeungdomslag fryktar for medlemstala når dei fysiske møteplassane og rekrutteringsarenaane forsvinn. LNU meiner ungdomsorganisasjonane aldri har vore viktigare.

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LNU: – Mange av medlemmane våre slit med einsemd

Det er veldig mange av medlemmane våre som slit med einsemd i desse tider, så organisasjonane har aldri vore viktigare enn dei er no, seier styreleiar i LNU, Isa Maline Isene, på telefon til Framtida.

Styreleiaren i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar er klar på at det har vore vanskeleg å jobba for å fremja mangfaldet av organisasjonar for unge, no under pandemien.

Mange organisasjonar har måtte avlysa dei fleste store arrangementa dei hadde planlagt i 2020. Konsekvensane av dette, skapar bekymring.

NBU-leiaren er bekymra for dei unge på bygda

Ein av organisasjonane som er råka, er Noregs Bygdeungdomslag.

NBU er ein organisasjon som legg opp til at ungdom på bygda skal møtast, og då helst fysisk. Det har vore ei utfordring sidan i mars, seier leiar i Noregs bygdeungdomslag, Inger Johanne Brandsrud, på telefon.

Det som bekymrar Brandsrud mest, er at ungdom og studentar vert einsame. Ho er spesielt bekymra for dei unge på bygda, der ein ikkje har like godt internett, og gjerne større avstand til naboar enn i byane og på tettstadane.

Leiar i Noregs bygdeungdomslag, Inger Johanne Brandsrud.
Foto: Emma Gerritsen, Norges Bygdeungdomslag

NBU har måtte avlysa både landstreffet og haustarrangementet sitt.

Det er trist i seg sjølv, men det gjer det også problematisk med medlemsverving. Desse arrangementa skapar engasjement, og gjer det kjekt å vera ein del av organisasjonen. Det er dei fremste rekrutteringsarenaene våre me no mistar.

I tillegg til desse arrangementa, har NBU måtte avlysa tolv sommarstevne, diverse julearrangement og vårkurs.

Elles er dei no midt i eit arrangement dei kallar Aksjonsveka, kor dei også har måtte avlysa fleire av arrangementa som skulle funne stad.

NBU skal vera kjekt. Det er drivkrafta i organisasjonen. Når ein mistar arenaene kor ein har det kjekt, og kun sit igjen med jobb-delen av organisasjonslivet, forsvinn motivasjonen.

Blanda kjensler

Brandsrud er bekymra for fråfall i medlemsmassen. Noko nedgang hadde ho forventa, og noko nedgang har det vore. Samstundes har det ikkje vore så ille som frykta. No er ho redd for at den nye smittesituasjonen og dei nye tiltaka vil føra til større fråfall.

 Eg er spent på medlemstala på nyåret, men eg kryssar fingrane for at det ikkje vert altfor gale.

Men nokre lyspunkt, det er det. Mange av lokallaga har organisert digitale aktivitetar for medlemma sine, som kvissar og tevlingar.

Det vert litt blanda kjensler. Eg er veldig imponert over lokallaga våre som har laga digitale aktivitetar. Det vitnar om engasjement, og er veldig bra. Likevel er saknet etter dei fysiske møta stort, slår Bransrud fast.

Dei digitale verktøya er viktige. NBU har jobba kontinuerleg med å tilby medlemma gode, digitale tilbod. Dette er noko dei vil arbeida vidare med, i ei tid prega av uvisse.

Forsøker å skapa aktivitet, trass tilhøva

For å leggja til rette for aktivitet, har LNU heile vegen jobba med å ha ein smittevernrettleiar på plass, som medlemsorganisasjonane skal kunne bruka, for å sikra aktivitet i organisasjonane. Denne rettleiaren oppdaterast no, etter innføringa av dei seinaste tiltaka.

Rettleiaren er utarbeidd saman med Frivillighet Norge, og består av råd om korleis organisasjonane kan gjennomføra aktivitetar innanfor smittevernreglane, slik Helsedirektoratet har opna for.

På LNU sine heimesider, står fylgjande;

  • Med utgangspunkt i gjeldande råd og anbefalingar om smittevern, kan dei fleste frivillige organisasjonar gjennomføra dei fleste av sine aktivitetar.
  • Det viktigaste er at dei som arrangerer og deltek i aktivitetane, er trygge og opplever dei som positive. Difor må kvar enkelt organisasjon også gjera individuelle vurderingar av kva som trygger deira aktivitetar, og kva slags tilpassingar som bør gjerast for at dei skal kunne ivareta sitt ansvar for frivillige og deltakarar.

LNU-styreleiar Isa Maline Isene.
Foto: Sverre Øygarden Eikill / LNU

Rekrutteringsproblem

Isene fortel at LNU også kjem til å setja opp ein ressursbank, kor organisasjonar og medlem kan koma med idear til måtar å gjennomføra aktivitetar på.

Sjølv om LNU gjer det dei kan for å leggja til rette, ser dei at mange organisasjonar slit med rekruttering og fråfall.

Det er openbert at ein ikkje har stadar å driva rekruttering i desse dagar. Pandemien skapar også ei utfordring når det gjeld kompetanseoverføring. Medlemmane er unge, og har verv i organisasjonane i korte periodar. Når situasjonen er som i dag, vert det kjempeutfordrande å få overført kompetanse og kunnskap til neste generasjon. Det er vanskeleg å seia kva konsekvenser dette vil få på sikt, men me er ganske bekymra.

Sjølv om konsekvensane på sikt er uvisse, er Isene glad for at det framleis er aktivitet i organisasjonane, trass situasjonen.

Me ser at fleire landsmøte og andre samlingar som er relativt store, let seg gjennomføra i tråd med smittevernreglane. Me ser også at mange er flinke å nytta digitale løysingar. Det er veldig bra.

NBU håpar på fleire fysiske treff

Med utgangspunkt i LNU sin smittevernrettleiar, ser NBU for seg fleire fysiske møte og aktivitetar etter kvart, men dei er samstundes bevisste på at det må vera i tråd med gjeldande retningsliner.

Kanskje vert det slik att, alt i 2021? Her frå landsstevnet i 2019.
Foto: Norges Bygdeungdomslag

Me prøver å hjelpa lokallaga med gjennomføring. No er jo dei fleste lokallaga våre i distrikta, så me håpar at smittesituasjonen skal tillata meir aktivitet der etter kvart. God dialog med fylkesleiarane våre er viktig.

Brandsrud tør ikkje håpa på for mykje, men trur at dei skal få til nokre fysiske treff i 2021.

Me skal sørga for at fylkesstyra våre får møta kvarandre, om det vert på eit eller to hotell, spelar ingen rolle. Det er utruleg viktig for oss, og andre organisasjonar for barn og unge at me legg til rette for at ungdom skal få treffa ungdom frå heile landet.

Brandsrud har tru på den lokale aktiviteten, og skryter av kor flinke lokallaga har vore å tilpassa seg dagens situasjon. Eit alternativ ho har tru på, er mindre, men fleire arrangement.

Tør du håpa at det store høgdepunktet, landstreffet, kan gå som normalt til sommaren?

Me har eit håp, og prøver å planlegga for to scenario  ein plan a, der det går som vanleg, og ein plan b, der me må tilpassa oss.

NTNU sitt Dragvoill campus. Foto. Ssolbergj/Wikimedia Commons/ CC BY-SA 3.0 , Spencer Backman/Unsplash. Kollasj: Framtida.no