Seks av ti elevar meiner dei lærte mindre med heimeskule

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12.000 ungdommar mellom 13 og 19 år deltok i undersøkinga, som er gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Oslomet like før skulane gjenopna i mai.

Nær halvparten var fornøgde med hjelpa dei fekk frå lærarane. Men kvar fjerde elev var direkte misnøgd med undervisninga.

Forskjellar i ulike sosiale lag

I undersøkinga kjem òg fram det at elevar frå høgare sosiale lag kom betre ut av heimeskulen enn dei frå lågare sosiale lag og ungdom med innvandrarbakgrunn.

– Det er klart at den direkte kontakten ein har med lærarane, den trur eg ikkje ein klarer å erstatte gjennom den digitale undervisninga, seier ein av personane bak studien, forskar Anders Bakken ved Oslomet til NRK.

Vil forska meir på heimeskule

Skulebyråd i Oslo Inga Marte Thorkildsen (SV) seier at det er mange elevar som ikkje får den same læringa dei fekk før.

– Så eg sit med ein klump i magen, særleg for dei elevane som har vanskelege heimeforhold, seier ho.

Ho seier at kommunen gjennomgår situasjonen for å få oversikt over korleis heimeskulen fungerte for elevane.

– Vi er veldig opptekne av å få forsking på det frå utsida og at vi sjølv får spurt våre tilsette, elevar og foreldre om korleis dei har opplevd denne situasjonen med heimeskule, seier ho.

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.