Vil utgreie innføring av skuleuniform: – Symbolpolitikk, seier Unge Høgre

Kan innføring av skuleuniform hindre kjøpepress, mobbing og ekskludering blant unge? Eit fleirtal av Noregs første nasjonale folkepanel vil i alle fall lufte den ideen, men ungdomspolitikarane er usamde.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Då panelet skulle gi regjeringa innspel til den kommande berekraftsmeldinga blei dei bedne om å svare på korleis vi kan redusere overforbruket vårt, samtidig som vi lever gode liv.

I rapporten som dei leverte førre månad kom det fram at blant fleire forslag så vil 60 prosent be regjeringa om å greie ut innføring av skuleuniform.

– Heilt urealistisk

Ingun Grimstad Klepp er
professor i klær og bærekraft ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO
Foto: Sonja Balci / OsloMet / NPK

Professor i kle og berekraft Ingun Grimstad Klepp har forska både på skuleuniform og på det at så mange er positive til det. Ho synest det er interessant at det er eitt av forslaga til folkepanelet.

– Det er interessant fordi det aldri har vore ein diskusjon. Det er ikkje ein politisk debatt. Det er heilt urealistisk at det skulle bli innført, seier ho.

Forslaget speglar resultata frå ei undersøking Klepp gjorde i 2020 der eit representativt utval blei spurde om kjøpepress og skuleuniform. Ho trur det er meir eit uttrykk for at folk ser at vi har eit problem enn at dei trur skuleuniform er løysinga.

Ho viser blant anna til NRKs sak om elevar som blir ekskluderte viss dei ikkje har dyr nok jakke.

– Spørsmålet er, når vi peiker på skuleuniform, om vi har tenkt gjennom kva effekt det vil ha og kva alternativ vi har, seier professoren.

Vil stille nye krav

Klepp peiker på at barnehagen og skulen allereie bidreg til å påverke kva kle unge går med i dag. Både gjennom skrivne og uskrivne reglar.

– Det kunne vore eit meir bevisst forhold til korleis krava blir stilt og korleis skulen, barnehagen og idretten for den saks skuld regulerer forbruket til barna.

Klepp meiner det kunne blitt stilt andre krav enn det blir i dag.

Fordi forslaget om skuleuniform ikkje fekk meir enn 75 prosent støtte frå deltakarane blei det ikkje ei av dei 25 anbefalingane som folkepanelet gav til regjeringa.

Det kom likevel med i rapporten som dei leverte, sjølv om nokre av medlemmene ville halde det utanfor fordi dei visste forslaget ville bli kontroversielt, fortel Håkon Iversen i Socentral, som var sekretariat for panelet.

Ungdomspolitikarane negative: – Bra med klesstil

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, vil endre heile klesindustrien.

Også blant ungdomspartia som Nynorsk pressekontor har snakka med er forslaget kontroversielt. Ingen meiner det er ein god ide med skuleuniform.

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, meiner effekten ville vore liten, sjølv om den var positiv.

– Heile industrien må endrast. Dette ville berre vore symptombehandling av eit større problem, seier han.

1. nestleiar i Unge Høgre, Oda Røhme Sivertsen, kallar skuleuniform for symbolpolitikk.

– Barn lærer ikkje økonomisk og berekraftig fornuft ved at vi tar ifrå dei valmoglegheitene, seier ho.

Trass i at han meiner utreiingar aldri skader er også Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci negativ. Mens leiar i Senterungdommen Nils Forren meiner klesstil ein måte for barn og unge å ytre seg på og at det er bra.

Barnehagedrakt som skuleuniform

Så kva om vi skulle hatt ein skuleuniform, korleis skulle ho sett ut? Ingun Grimstad Klepp har nokre idear.

– Viss vi skulle ha ei felles skuleuniform i Noreg, så måtte ho minne meir som det vi har i barnehagen, ein slags leikedress.

I landa som har skuleuniform skal ho først og fremst vise respekt for skulen som institusjon. Det er eit stykke unna måten vi tenker om skule i dag, seier skuleuniformforskaren.

Ho meiner engelske skuleuniformer er lite eigna for uteaktivitet, turdagar og leik, som vi er ein del av i den norske skulekvardagen, i tillegg til dårleg vêr.

– Du kan ikkje komme i barnehagen i kva som helst.