Klimasøksmålet slepp Høgsterett-rekning

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimasøksmålet slepp Høgsterett-rekning

Klimasøksmålet har vore gjennom både Borgarting lagmannsrett og Oslo tingrett, men klimaorganisasjonane som stod bak søksmålet har anka begge dommane.

Saka skal no avgjerast i i Høgsterett, der saksgangen vil gå digitalt av smittevernsomsyn, frå 4.-12. november.

– Utruleg gledeleg

Førre veke vart det klart at Greenpeace og Natur og Ungdom får innvilga fri saksføring for behandlinga av saka i Høgsterett.

Det vil seie at retten dekker advokat-kostnadane for begge partar.

– Det er ei utruleg gledeleg avgjersle, som både gjer det lettare for oss å gjennomføre søksmålet og understrekar den prinsipielt viktige tydinga av klimasøksmålet, skriv klimaorganisasjonane i ei pressemelding.

I denne saka er det gitt fri saksføring med grunnlag i § 18 av Rettshjelpslova, som seier at dette kan løyvast dersom retten finn det «rimeleg ut frå sakens prinsipielle interesser».

Kostnadar i Borgarting lagmannsrett og Oslo tingrett vert ikkje dekka av denne løyvinga, og det vert heller ikkje kostnadar til kommunikasjon og informasjonsarbeid.

Saksøkte først i 2016

Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkte i 2016 den norske staten for opninga av ny oljeboring i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde. Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet er med som partshjelp.

Organisasjonane meiner at oljeboringa bryt med miljøparagrafen § 112 i Grunnlova som slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setje i verk tiltak som sikrar denne retten.

Slapp saksomkostnadar i lagmannsretten

I januar vart det klart at miljørørsla tapte i andre runde av klimasøksmålet, og organisasjonan anka med ein gong saka til Høgsterett.

I Borgarting lagmannsrett vart det slått fast at staten sine tildelingar i 23. konsesjonsrunde er gyldige, men også at organisasjonane slapp å betala saksomkostnadar til staten.

Dette vil vera første gong Grunnlovas § 112 blir prøvd for Høgsterett.

Aktivistar frå Sunrise Movement okkuperer speaker Nancy Pelosis kontor 18. november 2018. (Foto: Corien Dijsselbloem, Sunrise Movement)

GRUNNLOVA § 112

Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.