Frå klimastreikar til stortingspolitikar: Kva står på din streikeplakat?

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 27.09.2020 18:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå klimastreikar til stortingspolitikar: Kva står på din streikeplakat?

25. september er det duka for ein ny nasjonal skulestreik for klimaet, og grunna koronapandemien føregår streiken digitalt.

Framtida.no har spurt arrangørane og stortingspolitikarane som skal delta i skulestreikarane sin partidebatt, om kva deira viktigaste klimasak er, og kva som skulle stått på deira streikeplakat:

Marie Sneve Martinussen, nestleiar i Raudt:

«Stopp all oljeleiting. Når? Nuh!»

– Eg klarte ikkje å bestemme meg, seier Marie Sneve Martinussen om sine to skulestreik-plakatar. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Noreg er ein oljenasjon. Det har gjort oss rike og gitt oss ein stor og kunnskapsrik industri, men det gir oss også eit særleg ansvar for å trappe ned produksjonen av det som jo er hele klimaproblemet – olje og gass. Då blir den viktigsaste saka for meg at vi seier klart og tydelig og høgt NEI til all ny leiteverksemd på norsk sokkel, og nei til opning av nye olje- og gassfelt. Det er der vendepunktet startar, i å sei at nok er nok og her er det stopp.

– Kva vil du gjere for denne saka?   

– Vi må klare å bygge den samme folkelege rørsla rundt dette kravet, som vi klarte for Lofoten, Vesterålen og Senja. Det er lettare å sjå for seg ein konkret, vakker stad, vi ikkje skal leite i – enn å sei nei til all leiting. Men det er neste skritt i kampen og eg trur vi klarar det. Eg skal bidra med å snakke høgt, skrive klart og bruke den makta Raudt sine velgjarar gir oss til å løfte kravet.

Audun Lysbakken, leiar i SV:

«Utslippene skal ned!»

Audun Lysbakken, leiar i SV. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Kutte norske utslepp med minst 60 prosent innan 2030. I dag snakkar regjeringa om grøn omstilling, men gjer ingenting. Den viktigaste saka for meg er at vi får ut fingeren og får kutta utslepp no med ein einaste gong!

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Eg vil støvsuge Norge for utslepp, og få fatt på den grøne omstillinga. Særlig blir vi nødt til å slutte å leite etter meir olje og byggje ut nye oljefelt. For å få til det treng vi ei ny regjering og eit sterkt SV.

Ola Elvestuen, stortingsrepresentant for Venstre:

«Vi har bare 12 år, jorda har feber»

–  Eg går med denne flotte plakaten eg fekk av Miljøagentene for over eit år siden, fordi den forteller kor enormt mykje vi må få til dei neste ti åra, seier Ola Elvestuen (V). Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Å sørge for større områder med skog, my og anna natur i Noreg og verda som eit viktig klimatiltak.

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Arbeide for å verne minst ein tredel av land- og sjøområde i Noreg og verda, sørge for meir klimavenleg mat og setje i stand att natur som i dag er øydelagd.

Une Bastholm, leiar i Miljøpartiet Dei Grøne:

«Ut med olje, inn med fornybart»

Une Bastholm (MDG) meiner det ikkje er nok med flotte enkelttiltak, ein må ha utsleppskutt som faktisk monnar. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Vi har berre ti år på oss til å halvere utsleppa i verda, så eg er oppteken av at Noreg bidreg nok og fort nok til utsleppskutt i Noreg som faktisk monnar. Då kan vi ikkje berre ha flotte enkelttiltak som kuttar litt utslepp, men også slutte med det som aukar utsleppa på den andre sida: starte ei utfasting av norsk olje- og gassutvinning; slutte å byggje nye store motorvegar og heller satse på kollektiv og sørgje for at vegane vi har er trygge og rassikre; byggje ut betre jernbanetilbod i staden for å legge opp til meir flytrafikk mellom byane; og å tørre å setje som mål å få ned kjøtforbruket til nordmenn.

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Eg er vald inn på Stortinget for eit parti som set miljø- og klimakrisa først av alle saker. Eg jobbar med klimapolitikk kvar dag og er i mange debattar med andre parti om saka. Eg er òg oppteken av at MDG skal gjere eit godt val ved stortingsvalet neste år, så vi kan verte store nok til at den neste regjeringa Noreg får er NØYDDE til å ha klima som si aller viktigaste sak. Dessutan prøvar eg å leve miljøvenleg i kvardagen.

Tore Storehaug, stortingspolitikar for KrF:

«Større draumar enn billegare bensin!»

Stortingspolitikar for KrF, Tore Storehaug, er ikkje så oppteken av billig bensin. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Vi må få ned klimagassutsleppa og vi må gjere det fort. Det viktigaste då er å gjere det dyrare å forureine og sørge for at andre land gjer det same.

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Ta smarte val i kvardagen og stå opp for internasjonalt samarbeid. Vi må lukkast i denne kampen og det må vi gjere i lag – elles er det dei mest sårbare globalt som må betale.

Åsmund Aukrust, stortingspolitikar for Arbeidarpartiet:

«Halvere utslippene. Doble klimabistanden»

Åsmund Aukrust (Ap) Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Min bodskap er «halvere utslippa – doble klimabistanden».

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Verda har få år på seg på å unngå ei klimakatastrofe. Alle land må gjere meir. Regjeringa i Noreg leverer alt for treigt i klimapolitikken når vi veit kor få år vi har oss på å løyse det. Difor er det bra, viktig og riktig at så mange ungdommar streikar for klimahandling. Eg vil gjere alt eg kan for at Noreg dei neste åra klarer å halvere våre utslepp, samstundes som vi doblar klimabistanden som vi gjev til andre land.

Stefan Heggelund, stortingspolitikar for Høgre:

«Kutt utslippene, ikke utviklingen»

Stortingspolitikar for Høgre, Stefan Heggelund, er oppteken av å kutte utslepp og utvikle arbeidsplassar. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– At vi skal kutte minst 50 prosent av utsleppa til 2030, samtidig som vi utviklar arbeidsplassar og verdiskaping. Det er totalbiletet og det viktige målet.

– Kva vil du gjere for denne saka?

– Lage ein systematisk klimapolitikk for alle sektorar, ein plan som definerer klimapolitikken for dei neste ti åra slik at vi når målet vårt. Denne regjeringa leverer på ein slik plan.

Julie Rødje, leiar i Spire:

«Knus systemet, ikke kloden»

Julie Rødje er leiar i Spire. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– For meg er den viktigste saka dei ekstreme miljøøydeleggingane det medfører. Det er i hovudsak rike land og store multinasjonale selskap som har forårsaka både klima- og naturkrisa. Samstundes er det verdas fattige, framtidas generasjonar og allereie marginaliserte grupper som må betale den største prisen. Vi kan ikkje isolere klimasaka frå verken menneskerettar, miljøet som heilskap eller sosioøkonomiske forskjellar.

– Kva må politikarane gjere for denne saka?

– Politikarar, og andre mektige aktørar, er for det første nøydde til å handle no. Klimaendringane skjer allereie, og vi må difor både kutte utslepp, men òg drive med klimatilpassing. Samstundes, og kor Noreg ligg endå dårlegare an, er å løfte blikket og sjå dei store samanhengane. I dag gjev vi med ei hand, og tek med den andre. Vi kan ikkje inngå handelsavtalar som fører til store klimagassutslepp og som bryt menneskerettane eller eksporterer norsk petroleum berre fordi vi tener usle, kortsiktige kroner på dette. Vi er nøydde til å endre systemet som har skapt miljøøydeleggingar og ulikskap. Første steg er å gå vekk frå paradigmet om evig økonomisk vekst.

Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker:

«Norge må ta sitt ansvar: 65. mrd.  klimafinansiering nå!!»

Embla Regine Mathisen (t.v.) har heimekontor med skralt plakatutstyr, men det let seg løyse digitalt. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– KLIMARETTFERD! (I capslock, ja.) Det å gje alle menneske mogelegheita til å få ei fin framtid og ei berekraftig verd, det er det som betyr mest for meg. For å få det til er det viktig at Noreg er ein del av løysinga på klimakrisa, heller enn å halde fram med å vere ein del av problemet.

– Kva må politikarane gjere for denne saka?

– Norske politikarar må sørgje for at vi får til ei grøn og rettferdig omstilling. Og det fort. Vi og resten av miljørørsla har mange svar på korleis dei kan få til det – så det viktigaste er eigentleg å lytte på det vi seier.

Martin Skadal i World Saving Hustle:

«Grønn omstart nå!»

Martin Skadal i World Saving Hustle. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?
– Akkurat no er den viktigaste klimasaka for meg å få kommunisert til alle den klima- og naturkrisa vi er i og korleis vi drastisk kan kutte unødvendige utslepp og ressursbruk knytta til animalsk matproduksjon. Det er tydeleg konsensus blant forskearar at ein av dei mest effektive tiltaka vi kan gjere er å ete meir plantebasert og mindre animalsk kost. Å ete plantebasert/vegansk er noko alle kan gjere, samstundes som ein jobbar med kva som helst annan løysing for klimasaka. Det er ikkje enten eller.

– Kva må politikarane gjere?
– Mitt ønske er at politikarane legg meir til rette for produksjon av plantebasert mat og flyttar subsidiar frå animalsk matproduksjon over til plantebasert matproduksjon. Eit anna steg i rett retning for klima (og ikkje minst for dyr sine rettar) kan vere å forby norsk kvalfangst.

Hilda Bævre Bergseth, leiar i klimautvalet i KFUK-KFUM Global:

«Change: Politics, society, the system, yourself, not climate»

Hilda Bævre Bergseth i KFUK-KFUM Global meiner klimafinansiering bør høgt på agendaen.

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– I eit mangfald av viktige saker, vil eg framheva klimafinansiering.

– Kva må politikarane gjere?

– På bakgrunn av Noreg sitt historiske bidrag med å skape denne klimakrisa, har vi også eit stort ansvar til å bidra og løyse den. Det ansvaret strekk seg lenger enn det vi klarer å gjere her heime. Noreg må bidra med 65 milliardar årleg i klimafinansiering til utslippskutt og til tilpasning av dei allereie klimaendringane i verda. Klimakrisa er reell og påverkar mange allereie. Eg forventar at Noreg nytter seg av den moglegheita vi har til å fremme ein rettferdig klimapolitikk.

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom

«Vegen til framtida går på skinner!»

Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie vil ha meir tog. Foto: Privat

– Kva er den viktigaste klimasaka for deg?

– Det viktigaste for meg er at vi klarar å redusere bruken av fossil energi veldig raskt, og med minst mogleg negative konsekvensar for natur og matproduksjon. Det betyr blant anna at vi må satse på tog, ikkje berre elbilar og biodrivstoff! Tog tek minst plass og brukar minst energi for å frakta folk og gods.

– Kva må politikarane gjere?

– Politikarane må forbetra toglinjene, bygge nye og syte for fleire togvogner og avgongar. Om det blir fleire avgongar, så kan toget bli både billegare og meir tilgjengeleg, og eit betre alternativ til fly og bil.

Framtida.no har også spurt Jon Georg Dale (Frp), som ikkje har svart på våre førespurnadar.

Skjermdumpar frå Instagram med #digitalskolestreik 24. april 2020. I midten Maja Danielsen Rørvik (18 år), oppe vil venstre: Even Jacobsen (14), til høgre: Markus Frislid (21), nede til venstre: Flora Næss (14) og til høgre: Solveig Skaugvoll Foss (23).