«Inhabil på grunn av samfunnsengasjement?»

Lukas Neuenschwander
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Natur og Ungdom, Greenpeace og fleire andre norske miljøorganisasjonar saksøker staten for brot på grunnlova sin miljøparagraf. På fredag vart det kunngjort at tre dommarar har blitt erklært inhabile og dermed ikkje vil vera til stades når Klimasøksmål Arktis kjem opp til Høgsterett.

Onsdag, 4. november skal Høgsterett starte med å behandle Klimasøksmål Arktis. Miljøorganisasjonane saksøker staten, fordi det vart delt ut oljelisensar lengre nord i Barentshavet enn nokon gong tidlegare.

Deltok i Alta-aksjonen

Wenche Elizabeth Arntzen blir rekna som inhabil fordi ho er gift med ein av dommarane frå tingretten. Vidare, var Hilde Indreberg med i utvalet som utarbeida §112 , som ligg til grunn for søksmålet.

I tillegg til dette blir Ragnhild Noer rekna som inhabil på grunn av det tidlegare miljøengasjementet hennar. Ho engasjerte seg blant anna i Alta-aksjonen, der miljøvernarar og samar saman kjempa mot utbygginga av vasskraft i eit stort reindriftsområde i Finnmark.

Då eg las dette på NRK.no vart eg så forferda at eg nesten ikkje ville tru på det.

Har verkeleg to av dommarane blitt erklært inhabile på grunn av sitt tidlegare miljøengasjement?

Band til oljeindustrien?

På den andre sida av saka er ingen kjent inhabile fordi dei har vore med på arrangement sponsa av oljeindustrien, eller har aksjar der. Heller ikkje fordi nokon kanskje har ein kjærast eller nær slektning frå Vestlandet eller Nord-Noreg der arbeidsplassen og heimstaden til vedkomande kunne blitt rørt av denne dommen.

Dei fleste i Noreg har på ein eller annan måte ei tilknyting til oljeindustrien, og dommarane, men dei blir ikkje rekna som inhabile for det.

Det er veldig vanskeleg for dommarane å vera heilt objektive. Dei skal vera det, men til ein viss grad er me alle påverka av omverda. Derfor er me menneske, og ikkje maskinar.

Samstundes blir det rart å utplukkande kjenne dommarane inhabile for samfunns- eller miljøengasjement, når det å ha aksjar eller andre kontaktar til industrien ikkje fører til inhabilitet i grunnlovstolkningsforslag.

Allereie denne utestenginga av to dommarar i forkant av sjølve rettssaka set ein farlig presedens, der dommarane får problem dersom dei tidligare har engasjert seg i samfunnet dei lev i.

Styremedlem i Naturvernstudentene, Lukas Neuenschwander, er forferda over at fleire av dommerane er erklært inhabile på grunn av sitt samfunnsengasjement. Her er han på markering for klimasøksmålet tysdag 3. november. Foto: Privat

Ein legitim kamp

Samfunnsengasjement er viktig og berikande for samfunnet.

Attpåtil synes eg at miljørørsla kjempar ein legitim kamp. Me vil jo ikkje avvikle oljeindustrien for å være kjipe.

Det handlar om å sikre eit leveleg miljø til dei som kjem etter oss. Sørge for at torsken kan gyte i fred i Barentshavet, utan å bli forstyrra av rutineutslepp og seismikkskyting.

Det handlar om at det må bli tatt grep no for å forhindre ein klimakatastrofe som vil føre til at store delar av verda blir uråd å bu i. Akkurat dette handlar Klimasøksmålet om.

Dersom Klimasøksmål Arktis går gjennom, kan Noreg gå fram og vera med på å byggje ei framtid som sikrar einkvar rett til eit leveleg miljø som sikrar helsa, og til ein natur der produksjonsevne og mangfald blir bevart (§ 112). Dommen kan òg få ei historisk betyding som presedens til klimasøksmål i andre land.

Ikkje lenger «plenum»

Me jubla då Høgsterett kunngjorde at denne saka er så viktig at den skal bli behandla i plenum.

Plutselig, under ei veke før rettssaka startar blir det kjent at det likevel ikkje blir heilt «plenum», fordi dei inhabile dommarane ikkje skal bli erstatta. Derfor håpar eg at me alle får vera vitne til ein historisk dom, sjølv om to samfunnsengasjerte dommarar no vart utestengt.


Les også: Klimasøksmålet skal til Høgsterett: – Ein siger vil vere historisk

Frå venstre: Greenpeace-leiar Frode Pleym, leiar i Naturvernforbundet Silje Lundberg, Aud Nordø frå Greenpeace, Runa Røed frå Greenpeace, Åsa Braut Bache, Lea Justine Nesheim, og Gaute Eiterjord, som er tidlegare leiar av Natur og Ungdom, Halvard Raavand (Greenpeace), Haldis Helle (Natur og Ungdom), Mari Seilskjær (Koalisjonen klimasøksmål Arktis) FOTO: Thor Due/Natur og Ungdom