Unge Venstre går inn for samanslått karakter i sidemål og hovudmål: – Skuffa

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før landsmøtet til Unge Venstre i helga, var det klart at det ville bli kamp om sidemåls-karakter. 

Fleirtalet i programkomitéen føreslo at Unge Venstre skulle gå inn for å slå saman hovud- og sidemålskarakteren, men to av komitémedlemane var usamde og tok ut dissens.

Det vart ein heit debatt under landsmøtet, men etter fleire talar og synspunkt, vart det eit knipe fleirtal til forslaget frå programkomitéen.

Unge Venstre sin nye politikk er dimed å jobbe for å slå saman dei to norsk-karakterane.

Ane Breivik, 1. nestleiar i Unge Venstre. Foto: presse

Nestleiaren: – Trur ikkje dette tek livet av nynorsken

Ane Breivik, 1. nestleiar i Unge Venstre og leiar av programkomitéen, var ein av dei som var mot å slå saman karakterane.

– Det er alltid synd å tape politiske kampar, så eg er sjølvsagt litt skuffa. Det å ha separat karakter er for meg viktig og har ein viktig verdi i seg sjølv, seier ho på telefon til framtida.no

Samstundes trekker ho fram at landsmøtet også gjekk inn for å byrje med sidemålsundervising frå 3. klasse.

Nestleiaren trur partiet har ei sterk nok målrørsle til at vedtaket ikkje vil vere den store undergangen for nynorsken, og poengterer at kompetansemåla er så klare at ho trur god målopplæring ikkje ville blitt forsømt uansett.

– Eg trur ikkje dette vedtaket kjem til å ta livet av nynorsken akkurat.

Ho fortel at det var mykje debatt før avstemminga og berre 10 stemmer skilde mellom vedtaka.

– Eg trur nok mange har sterke kjensler til sidemål fordi det heng så tett saman med identiteten til ein del. Sånn sett trur eg ein del var skuffa og ein del veldig glade etter avstemminga.

Les også: Unge Venstre-nestleiar vil ha strengare språklov

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Målungdomen skuffa

– Me er sjølvsagt skuffa. Me meiner jo det beste for nynorsken er å ha eigne karakterar. Dette vedtaket har ikkje så mykje å seie i praksis, men me vil sjølvsagt at Unge Venstre skal ha same politikk som den me meiner er best for nynorsken, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, på telefon til framtida.no

– Svekkar dette Unge Venstre si stilling som nynorskparti?

– Ja, det gjer det. Men me veit dette er ei sak det er stor usemje om i partiet, og dei har vingla litt i vedtak tidlegare. Det virkar som dei er ganske delt på midten, så me håpar fløyen som vil ha delt karakter vinn fram til slutt.

I 2017 vedtok Unge Venstre ei liknande formulering om valfritt sidemål som den landsmøtet gjekk inn for i år, men det vart teke omkamp om dette året etter.

Gunnhild Skjold trur Målungdomen og ungdomspartiet har same mål om å sikra god undervising i både side- og hovudmål til alle norske elevar, men er usamde om vegen dit:

– Grunnen til at vi vil ha eigne karakterer er ikkje at me elskar karakterar, men for å sikre god undervising. Når dei vil gjere andre tiltak som sikrar god undervising, som til dømes å byrja med sidemålsundervising tidlegare, ser me positivt på det.

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem meiner det bør vere eigen karakter i sidemål. Foto: Bent Sønvisen, Ap

AUF: – Undergrev nynorsken

I AUF har dei vedteke at dei vil behalda to separate karakterar i side- og hovudmål.

– Det ligg ein eigenverdi i at sidemål har ein eigen karakter, og eg trur ein fjernar insentivet for undervising om ein fjernar karakteren, seier leiar Astrid Willa Eide Hoem på telefon til Framtida.no.

AUF meiner det trengst ei styrking av nynorskundervisinga jamt over, og at den må leggast om til å bli meir heilskapeleg.

– Om ein skal analysere ein tekst i norsk, kan det like gjerne vere ei novelle av Frode Grytten som noko anna.

Ho meiner vedtaket svekkar Unge Venstre si stilling som nynorskparti.

– Å fjerne karakteren vil berre vere med på undergrave nynorsken endå meir i norskundervisinga, seier AUF-leiaren.

Bør sidemål- og hovudmålskarakterane bli slått saman?

Bør sidemål- og hovudmålskarakterane bli slått saman?

Ja50
Nei154
Veit ikkje6
Svar totalt: 210

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap)

Bakgrunnsfoto: Per Olav Bøyum/Flickr/Wikipedia. Ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap) (Foto: Voss herad). Kollasj laga av framtida.no.