Unge Venstre-nestleiar vil ha strengare språklov

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12. mai la regjeringa og kulturminister Abid Raja (V) fram deira forslag til ny språklov.

Blant målrørsla har den fått blanda mottaking, og fleire er skuffa over at den ikkje var meir offensiv med tanke på styrking av nynorsken. 

– Det var mykje bra der, men eg meiner den kan betrast. Særleg for nynorskens del, seier Ane Breivik, 1. nestleiar i Unge Venstre til Framtida.

– Definitivt eit stort betringspotensiale

Breivik opplever mykje engasjement i partiet knytta til den nye språklova, og fortel at mange har reagert på at den ikkje vart så offensiv som dei hadde håpa på.

Ho meiner lova, som vart lagt fram på dagen 135 år etter jamstillingsvedtaket, i større grad burde representert ei styrking heller enn ei svekking. 

– I haust kom det signal om at den kom til å vera hakket meir ambisiøs enn det som faktisk vart lagt fram. Det er mykje bra i lova, men det er defintivt eit stort betringspotensiale der.

Argument for å svekke sidemålsundervisinga

Breivik meiner det mest problematiske med forslaget til regjeringa er at ansvaret blir flytta over til statlege organ, framfor at tilsette sjølv må kunne begge målformer.

– Når det ikkje er lovfesta trur eg det kan kome til å bli brukt som argument for å svekke sidemålsundervisinga i skulen.

Håpar partiet vil gå inn for strengare språklov

No har ho sendt ei uttaling til behandling i sentralstyret med ynskje om ein strengare språklov.

Ho kjem med tre forslag som ho håpar både Unge Venstre og Venstre vil gå inn for.

  • Lovfeste at statleg tilsette må kunne begge målformer
  • Innføre strengare språkkrav på eit fylkeskommunalt nivå
  • At brot på språklova skal medføre sanksjonar

Ho håpar at både ungdoms- og moderpartia vil stille seg bak forslaga.

– Målkampen har vore ei viktig del av Venstre si historie og er det framleis. Eg håpar Venstre si stortingsgruppe vil ta det som ei oppmoding til å jobbe vidare på Stortinget med å justere lovteksten og at dette vil påverka den faktiske lova.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Får støtte frå målungdomen

Også Norsk målungdom har reagert på den nye språklova, og har arbeidd med å få merksemd rundt dette både hos vanlege folk og politikarar.

Leiar i Målungdomen, Gunnhild Skjold, håpar Unge Venstre kan vere med å leggje press på Regjeringa.

– Forslaget vart lagt fram av Venstre, og me er glade for at det innanfor eige parti er folk som ser at lova ikkje er tydeleg nok, seier Skjold til Framtida.

Fryktar for konsekvensane

Også dei fryktar konsekvensane dersom ein ikkje stiller kompetansekrav til dei tilsette, men kun gjer det statlege organet ansvarleg for å kunne tilby informasjon på begge målformer.

– Vi fryktar at ein då heller vil kjøpe omsetjingstenester, framfor at dei tilsette må kunne det. Det fører til utfordringar på tid og det praktiske, men kompetansekravet har også vore ei viktig støtte for sidemålsordninga, seier Skjold, og legg til:

– Sjølv om det ikkje burde vere heile argumentet for å ha sidemålsundervising, har mållova i statlege organ vore ei tydeleg område med krav om å kunne begge målformer og har sendt eit tydeleg signal om at staten meiner ein skal kunne begge deler. No er inntrykket meir at: Det er fint å kunne, men me kan berre betala oss ut av det om du ikkje kan det.

Har ikkje tru på straff

Også målungdomen har i lang tid etterlyst sanksjonar for brot på mållova og andre språkrettar som eksamen til dømes. Men Skjold har meir trua på at kompetansekravet går gjennom, enn at ein vil innføre straff.

– Det er eit drastisk tiltak som ein kanskje burde greia ut meir, så eg har ikkje heilt trua sjølv om Venstre skulle gå inn for det. Ein håpar uansett at staten greier å følgje sine eigne lover.