Jenny Jordahl nominert til Brageprisen for bok om kroppspress

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lenge prøvd å unngå framstillingar som får meg til å kjenne meg dårleg, men det er vanskeleg når vi lever i ei verd der kroppspresset kjem frå alle kantar, heile tida, fortalde Jenny Jordahl til Framtida.no i september.

Omslag: Cappelen Damm

No er ho nominert til Brageprisen 2020 i kategorien for barne- og ungdomsbøker for si siste bok, Hva skjedde egentlig med deg?

Den handlar om 11-åringen Janne, som finn trøyst i mat etter at ho vert kalla feit av gutar i klassa og ekkel i jentegarderoben.

Juryen rosar Jordahl for å ta tak i ein tematikk som er lite handsama i barne- og ungdomslitteraturen, og kallar Hva skjedde egentlig med deg? «ei god leseoppleving og ei viktig bok – lett å lese, men på langt nær like lett å gløyme».

Tunge tematikkar, lett skrive

Viktig tematikk er fellesnemnaren også før dei øvrige nominerte i kategorien.

Omslag: Cappelen Damm, Samlaget, Kagge Forlag

Gulraiz Sharif er nominert for debutboka si Hør her’a!, om 15-åringen Mahmoud, som er guide i Oslo for sin pakistanske onkel. Framtida.no sin meldar kalla boka «ein nytenkjande debut som skil seg ut frå mengda», medan Bragepris-juryen konstaterer at «dette må du få med deg».

Helene Guåker er nominert for Høgspenning. Livsfare, om Lea som flytter på hybel og lyt uroe seg både for mor si heime og for å passe inn på ein ny plass. Framtida.no sin meldar rosa Guåker for å vise eit enormt spekter av kjensler, og konkluderer med at «her har ikkje Guåker berre treft spikaren på hovudet, ho har treft ei heil rekke med spikrar».

Endeleg er også Andreas Tjernshaugen og illustratør Line Renslebråten nominert for si bok Blåkvalen, og juryen rosar forfattarane for at dei «bidreg i vesentleg grad til at vi kjem tett på livet under vatn».

Desse er nominerte til Brageprisen 2020:

Desse er nominerte for sakprosa:

  • Erika Fatland for Høyt: en reise i Himalaya
  • Alfred Fidjestøl for Mine kamper: biografien om Drillo
  • Dag O. Hessen for Verden på vippepunktet
  • Sigrun Slapgard for Eit hemmeleg liv: spesialagent og Spaniafrivillig Wilhelm Holst

Desse er nominerte for skjønnlitteratur:

  • Beate Grimsrud for Jeg foreslår at vi våkner
  • Vigdis Hjorth for Er mor død
  • Olaug Nilssen for Yt etter evne, få etter behov
  • Per Marius Weidner-Olsen for Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen

Desse er nominerte i open klasse: 

  • Lene Drange og Tore Løchstøer Hauge med Snaponomi – bli supergod på egen økonomi
  • Thomas Horne for Den store klimaguiden
  • Olav Schewe og Barbara Oakley for Superhjernen. De beste strategiene for læring
  • Johannes Slettedal og Martin Aas for Nettvett med Johannes. Bli smart på internett!

Prisane vert delte ut 26. november.

Les også meldinga av Erika Fatland si Høyt: – Ei levande reiseskildring, men…

Erika Fatland Høyt

Erika Fatland er aktuell med ny reisebok. Denne gongen med boka «Høyt» om Himalaya. Foto: Tine Poppe, Kagge Forlag