Då eg var tjue: Jenny Jordahl laug om alderen og hadde dobbel kjærleikssorg

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 17.09.2020 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du då du var 20?

Då budde eg i kollektiv i Oslo saman med fire folk eg ikkje kjente frå før av. Eg var på visning der då eg var 19, og laug om alderen sidan dei andre var eldre enn meg. Eg sa eg var 20. Følte eg hadde større sjanse for å få rommet om eg også var i 20-åra. Det verka lurt i augeblinken, men eg støtte på problem då eg hadde bursdag.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Foto: Privat

Eg gjekk Visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskulen i Oslo. Eg kom inn rett etter vidaregåande, som jo kjendest veldig stort og flott, men det var også litt stress at dei andre i klassa var ein god del eldre.

Eg hadde for eksempel berre så vidt vore på ein utestad i Oslo og det var ei brun bule der dei ikkje sjekka leg. Så eg følte meg ganske noldus og uerfaren i Oslolivet. På eit eller anna tidspunkt fekk eg låne bankkortet til ei venninne, så eg kunne bli med på byen. Det var bra, sjølv om eg hadde NULL alkoholtoleranse.

Eg satt også mykje åleine på rommet i kollektivet og såg på anime.

Les også om 20 år gamle Hanne «TegneHanne» Sibjørnsen som også flytta til Oslo for å studere: – Det var som at eg levde to liv samstundes.

Hugsar du kva som skjedde?

Då eg var 20 forelska eg meg vilt og hemningslaust i ein fyr i klassa over meg på Kunsthøgskulen. Så eg slo opp med kjærasten eg hadde hatt i fire år, i håp om at det skulle bli litt ordnings mellom meg og mi nye forelsking. Det gjekk til helvete. Så eg gjekk rundt med ei slags dobbel kjærleikssorg, og syntest veldig synd på meg sjølv.

Heldigvis hadde eg ei god venninne i klassa, som var i nokonlunde same situasjon. Vi passa på kvarandre og drakk mykje billeg øl.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Viasat 4 stod på konstant i kollektivet. Etter mitt minne viste Viasat 4 nesten berre Simpsons, Family Guy og Futurama på den tida, så det vart mykje av det. Elles laste eg ned mykje anime. Det gjekk stort sett i Death Note, Naruto og Bleach. Og så spelte eg Civilization.

20-åringen var flittig og dedikert. Foto: Privat.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eh, ja. Sidan eg hadde loge om alderen i kollektivet, måtte eg finne ut av om eg skulle tilstå at eg blei 20 og ikkje 21. Om eg fortsette å lyge ville det jo blitt ein følgefeil. Eg såg for meg at eg måtte lyge om alderen i all framtid, og alltid vere eit år eldre enn eg var.

Det vaks seg berre større og større i hovudet mitt. Til slutt kraup eg til krossen og tilsto. Det gjekk heilt greit, sjølv om det var flaut. Og så feira vi bursdag.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Kjærleikssorg og billeg øl på sofaen til snille Astrid.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg ville bli grafisk designer. Det blei eg jo også, men det var ikkje så moro som eg hadde sett for meg. Eg byrja også etterkvart å bli politisk engasjert, og då verka designerlivet litt tomt.

Så då eg seinare fekk sjansen til å satse på teikneseriar, så gjorde eg det. Angrar ikkje eit sekund, sjølv om det jo var ganske trangt økonomisk ei stund.

Også språkdirektør Åse Wetås valde å lytte til hjartet: Ho hoppa av medisinstudiet, og har framleis ikkje hatt fast jobb.  

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Alt var jo totalt kaos og dystert på innsida, og eg var veldig redd for å ikkje få til livet etter Kunsthøgskulen. Så berre tanken på framtida skremte meg. Det gjorde at eg tok studiane på Kunsthøgskulen VELDIG seriøst, og jobba innmari mykje.

Sånn i retrospekt ser eg at eg kanskje kunne slappa av litt meir.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Ho der var hyggeleg. Litt stressa og nervøs, og ho røyker openbert berre for å tøffe seg, men det kjem ho til å innsjå snart.

20 år gamle Jenny Jordahl. Eller er ho kanskje 21, men lyg? Foto: Privat

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Slutt å bruke tid og krefter på å bli likt av folk som ikkje er greie med deg. Dessutan likar folk deg faktisk, sjølv om du ikkje skjønar det sjølv. Du kan velje kven du vil ha i livet ditt, så vel dei snille folka. Vurder for eksempel kven du blir kjærast med litt nøyare. Høyr på magekjensla.

…Og pass litt på de tendensen du har til å lyge når du blir stressa. Elles kan du berre peise på!