Bokmelding: Hør her´a! – Ein spanande debut om tabu

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Litteratur på multietnolekt er komen for å bli. Men det er ikkje nødvendigvis berre det som er revolusjonerande med denne spanande debuten.

Gulraiz Sharif (f.1984) bringar inn ei ny, uventa stemme som treff ei nerve hjå både lesaren og tida.

«Hør her’a! Grunnen til at jeg skriver denne boka er fordi norske nordmenn digger sånt. De elsker at en utlending, muligens litt undertrykket og uslepen diamant, sitter og skriver en bok eller to. (…) Du vet, fordi de tør ikke å snakke så mye med oss.»

Eit friskt pust

Målgruppa er ungdom, men den fungerer vel så bra for unge vaksne og andre vaksne som har vokabularet til å hengje med. Det gjer at ein må ha kjennskap til fleire av dei multietnolektiske orda som er brukte, men om ein ikkje gjer det frå før av er det ei god moglegheit for å lære seg nokre nye gloser: «Snakkes, brur! Glad i deg også, wannabe pottet!»

Med skarp satire og humor som verkemiddel rører Sharif ved tema som er i grenseland til tabu og tør å bruke formuleringar som langt i frå er utslitne.

Det gjer han til eit friskt pust blant hausten sine nylanseringar.

Kva er greia med Ali?

Mahmoud er ein gut på femten år som bur i tolvte etasje i utkanten av Oslo. No er det sommar og han har ikkje søkt på sommarjobb då han veit at folk med Mahrof til etternamn ikkje blir kalla inn til jobbintervju.

I utgangspunktet hadde han sett for seg treige dagar saman med venen Arif frå Somalia, men sommaren skulle vise seg å ta ei brå vending då onkelen Ji kom på besøk frå Pakistan.

Besøket av onkelen fører til eit morosamt møte mellom to kultarar, noko som gjer at det oppstår uventa reaksjonar på både familien i Noreg og det norske samfunnet elles.

Dessutan peiker han på at det er noko rart ved vetlebror til Mahmoud, Ali. Han oppfører seg ikkje som andre pakistanske gutar og stiller spørsmål ved kvifor han på mange måtar heller liknar ei jente.

Det som i utgangspunktet skulle vera ein roleg sommar viser seg å bli eit vendepunkt som stiller Mahmoud til prøve både når det gjeld rolla som bror og son.

Ein nytenkjande debut

Sharif skildrar minoritetsmiljø på ein unik måte og er ein forfattar som har mykje på hjartet. Her får ein høyre kritiske tankar om både nordmenn, minoritetsmiljø og samfunnet elles, framstilt på ein humoristisk og uhøgtidleg måte.

Sharif skildrar minoritetsmiljø på ein unik måte og er ein forfattar som har mykje på hjartet

Til dels kunne eg tenkt med at tematikken var noko meir konsentrert, men likevel er den lettfattelige skrivestilen med på å gjere boka så morosam som den er.

Alt i alt leverer Sharif ein nytenkjande debut som skil seg ut frå mengda!


Les også om Afryea som tek eit oppgjer med rasisme i skulen: – Vi har vore den brune jenta i skulegarden

Theresa Elise Nøsen Opoku, Emma Effie Morrison Lund og Sandra Abena Nøsen Opoku har starta Afryea som eit nettverk mot rasisme. Foto: Privat /Kollasj av Framtida.no

Fakta

  • Forfattar: Gulraiz Sharif
  • Utgitt: 2020
  • Sider: 174
  • Sjanger: Roman
  • Forlag: Cappelen Damm