Bokmelding: Med «Høgspenning. Livsfare» har Helene Guåker skrive ei av dei viktigaste ungdomsbøkene

Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 12.10.2020 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av»

Eg veit nesten ikkje korleis eg skal skrive om denne boka.

I skrivande stund er det eitt minutt sidan eg fullførte den siste sida, og det kjennest som om nokon har slått beina vekk under meg. Det er mange viktige ungdomsbøker der ute, men eg trur Guåker her har klart kunsten å skrive ei av dei viktigaste, og så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av.

Så velskriven og tilgjengeleg at det bokstaveleg talt er til å grine av

Lea har reist frå heimgarden for å gå på vidaregåande og bu på hybel. Ho kjenner ingen av dei ho skal gå i klasse med, og det var vanskelegare å passe inn enn ho hadde trudd.

Alle verkar som kjempehyggelege folk, men ho føler seg fortsatt utanfor. Så Lea finn opp sitt alter ego: Vilde.

Vilde har lilla hår, nasepiercing, kler seg i store kle frå bruktbutikken og er omgjengeleg og sleivkjefta som få. Vilde passer inn. Når ho er Vilde kan ho snakke til kven ho vil, og ho får venner. Folk ser henne. Lea håper berre ho kan halde det gåande i to og eit halvt år til.

– Grådig sterk bok

Men vi har alle ei smertegrense. Lea får seg kjærast, og venner. Og desse er fine menneske, men Lea klarer ikkje sleppe dei inn – for då vil dei finne ut at ho har loge.

Ho har loge mykje om seg sjølv. Ho har ikkje fortalt dei at ho er frå ein gard, at ho ikkje har venner og i alle fall ikkje at mora brukar heile dagar og veker og ofte månader av gongen i senga. For sånt gjer ein berre ikkje. Og når alt brått går nedanom, må Lea finne ut om ho tør å berre vere Lea – og sleppe folk forbi Vilde.

Dette er ei grådig sterk bok, og på dryge 200 sider viser Guåker oss eit enormt spekter av kjensler. Som sagt græt eg for berre nokre minutt sidan, men då eg starta på boka lo eg høgt.

«Kven er eigentleg seg sjølv? Eg trur ikkje at eg har vore meg sjølv sidan sjetteklasse, ja, frå før eg fekk puppar.»

Trekk mange emne midt på nasen

Ho treff så mange emne midt på nasen, båe på godt og vondt.

Sjeldan har eg kunne identifisert meg sjølv (eller mitt sekstenårige sjølv) med ein romankarakter, sjeldan har eg opplevd at ein karakter, forteljar, forfattar, faktisk forstår.

Det er ei bok om å tilpasse seg, opne seg og lukke seg, venskap, den fyrste kjærleiken og ikkje minst om dei nesten ubrytelege banda ein har til heimen og familien sin – uansett korleis desse er.

Eg kan ikkje konkludere med noko anna enn at her har ikkje Guåker berre treft spikaren på hovudet, ho har treft ei heil rekke med spikrar.

Forfattar Helene Guåker har brukt eigne erfaringar i boka «Høgspenning», der hovudkarakteren har ei psykisk sjuk mor. Foto: Iris Engen Skadal, Samlaget

 

 

Fakta

  • Tittel: Høgspenning. Livsfare
  • Forfattar: Helene Guåker
  • Forlag: Samlaget, 2020
  • Sidetal: 211