Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Erika Fatland er utan tvil ei av dei beste norske sakprosaforfattarane og det er særleg reiseskildringar ho er kjend for. Tidlegare har ho rapportert frå dei sentralasiatiske landa i Sovjetistan og reist Russland rundt i boka Grensen.

I årets bok Høyt tek ho oss med til Himalaya.

Gløder av engasjement

Reisa spenner frå Xinjiang-provinsen i Kina i nordvest til Buthan i aust. Det er eit mangfaldig område Fatland skildrar. Kvar dal og kvar by og bygd er unik og har sin heilt eigen kultur.

Fatland er alltid nyfiken i møte med samfunna og folka ho besøkjer, og boka gløder av eit engasjement for mangfaldet i verda.

Ein må ofte opp i høgda for å få overblikk og dei store bileta. I dei tidlegare bøkene sine har Erika Fatland skildra dei store linjene i historia til landa ho har besøkt. Ho har på ein enkel måte forklart komplisert politikk og gjeve lesarane ei djupare forståing av kulturane ho møter. Researcharbeidet har alltid vore botnsolid og det har vore tydeleg at ho har bakgrunn som sosialantropolog.

I Høyt klarar ho ikkje i same grad å formidle eit tydeleg overblikk over området ho skriv om.

Boka er fragmentert og boka ber preg av å hoppe frå det eine temaet til det andre. Etter å ha lese over 600 sider burde eg ha sete igjen med eit inntrykk av kva som eigentleg kjenneteiknar menneska og samfunna i Himalaya. Det gjer eg dessverre ikkje.

Erika Fatland si siste bok «Høyt» fekk Magnus Rotevatn til å tenkje.

Ei god bok, men…

Verda er spenande og vakker. Det er ikkje vanskeleg å forstå trangen Erika Fatland har til å reise, oppleve og beskrive.

Portretta av dei ho møter er teikna med eit varmt og fordomsfritt hjarte. Naturen og samfunna er skildra med eit levande språk, og fakta og opplysningar om stadane som Fatland skildrar er saumlaust fletta inn i teksten.

Boka passar for dei som vil sjå verda frå sin eigen lenestol.

Høyt er ikkje ei bok som er tung å lese. Erika Fatland er ein framifrå guide, og boka passar òg for dei som synest at borte er bra, men heime best og vil sjå verda frå sin eigen lenestol.

Høyt er utan tvil ein god bok, men når ikkje heilt opp til dei tidlegare bøkene forfattaren har skrive. Start gjerne med Sovjetistan eller Grensen, og viss du vil ha meir så kan du lese Høyt.

Potalapalasset i Lhasa, hovudstaden i Tibet. Her var vinterresidensen til den verdslege og åndelege leiaren i Tibet, Dalai Lama, heilt til dagens Dalai Lama måtte flykta til India i 1959. Foto: Coolmanjackey, CC BY-SA 3.0-lisens

Fakta

  • Tittel: Høyt
  • Forfattar: Erika Fatland
  • Forlag: Kagge
  • Utgitt: 2020
  • Sjanger: Sakprosa
  • Sidetal: 635