Bokaktuelle Jenny Jordahl: – Mange tener på å gje oss dårleg sjølvbilete

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 29.10.2020 12:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jenny Jordahl (31) har etterkvart mange utgjevingar bak seg, både som illustratør og som teikneserieskapar.

Ho er mellom anna kjend for bøkene om kvinnekamp i samarbeid med Marta Breen, og for teikneserien Livet blant dyrene, der ho driv gjøn med reklamer og enkelte medium sin tendens til å nytte lettkledde kvinnekroppar i alle tenkjelege (og utenkjelege!) samanhengar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Klassisk sjokk

Et innlegg delt av Jenny Jordahl (@jenjord)

Kjøper oss til bedre sjølvbilete

– Eg har lenge prøvd å unngå framstillingar som får meg til å kjenne meg dårleg, men det er vanskeleg når vi lever i ei verd der kroppspresset kjem frå alle kantar, heile tida, fortel Jordahl.

I Press-rapporten Prosjekt Perfekt frå 2018, svarte 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane at dei ønska å endre på sin eigen utsjånad. Heile 43 prosent sa at dei kjenner på kroppspress i sin egen kvardag. Samstundes viser SIFO-rapporten Retusjert reklame og kroppspress frå 2014 at retusjert reklame er med på å skape og vedlikehalde kroppspress.

Vi lever i ei verd der kroppspresset kjem frå alle kantar, heile tida

– Både aktørarar i næringslivet, reklameselskapa og mange medium tener gode pengar på å få oss til å ha det dårleg med oss sjølv. For dei er det heilt topp dersom vi brukar mykje energi og pengar på å prøve å kjøpe oss til eit bedre sjølvbilete, seier 31-åringen.

Etterkvart som ho har blitt eldre har teikneserieskaparen fått fleire verktøy for å takle kroppsfikseringa i samfunnet.

– Eg er oppteken av å plassere skulda der den høyrer heime, seier ho.

– Det er ikkje meg eller deg det er noko gale med. Det dårlege sjølvbiletet knytt til kropp og utsjånad vert påført oss utanfrå.

Gøy og grufullt

Trass i dei mange tidlegare utgjevingane omtalar Jordahl si nyaste bok, den grafiske romanen Hva skjedde egentlig med deg?, som si fyrste større, sjølvstendige utgjeving.

– Eg har stått heilt fritt til å lage den boka eg ville. Det har vore gøy og fint, men samtidig veldig vanskeleg. Gøy og grufullt!

Etter å ha jobba mykje med sakprosa synest Jordahl det er spennande å ha bevega seg over i skjønnlitteraturen. Hovudmålgruppa til teikneserie-forteljinga er barn.

– Ein ser at mange barn får eit vanskeleg forhold til kroppen sin i stadig yngre alder. Og det er ikkje rart, for dei lever jo ikkje i ei boble, seier Jordahl.

– I boka prøver eg mellom anna å vise korleis det kan opplevast å vekse opp i ei utsjåandefokusert verd.

Ei av mange historier om eteforstyrring

For hovudpersonen i boka, Janne, slår møtet med forventningane til kropp og utsjånad uheldig ut.

Ho blir kalla feit av gutar i klassa, og ekkel i jentegarderoben, når ho er den einaste utan stringtruse. Då foreldra vil hjelpe den 11 år gamle jenta å gå litt ned i vekt, går det raskt over styr.

– Det går bra med henne til slutt?

– Ja, heldigvis. Ho blir møtt der ho er i situasjonen, og får støtte frå foreldra sine i at ho er bra nok som ho er. Men dette er berre ei av mange historier ein kunne ha fortalt om eteforstyrringar.

– Janne og Jenny er ganske like namn. Finst det nokon likskapar?

– Hehe. Ja, vi har litt til felles. Vi har begge glede av videospel og å teikne, til dømes. Og så har eg kika litt i gamle dagbøker for å hugse korleis det var å vere 11 år, og møtet med stringtrusene i jentegarderoba er mellom anna henta derifrå.

– Men vi er også ulike på mange måtar, og Janne er ein oppdikta karakter. Eg gjekk og tenkte på henne i nesten to år før eg fyrst starta å teikne og skrive denne boka. Eg synest ho er eit veldig kult barn. Det er trist at kroppen hennar får overskugge alle dei gode eigenskapane ho har.


Like blid, ti år seinare. Foto til venstre: Privat. Til høgre: Jenjord [CC BY-SA 4.0]