Microsoft opnar for å behalde nynorsk i e-postapp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig glad for at Microsoft no seier dei vil gjere nye vurderingar av nynorsk og samisk. No vil eg ta initiativ til eit møte med andre teknologiselskap saman med språkminoritetar for å diskutere kva utfordringar vi ser og kva løysingar som trengst, seier kultur og likestillingsminister Abid Raja (V) til Nynorsk pressekontor.

Språket under press

Nyheita om at Microsoft vil fjerne nynorsk, samisk og 25 andre språk som menyspråk på e-postappen Outlook har fått mange til å reagere. Microsoft vil kutte i menyspråk for at dei ulike appane i programvara Office 365 skal bli betre tilpassa kvarandre.

Raja fryktar denne utviklinga er med på å svekkjer det norske språket.

– Norske språk er under press frå utlandet og nynorsken er under press igjen frå bokmål. Dersom minoritetsspråk forsvinn frå mobilen og dei teknologiske duppedittane vi brukar i kvardagen ikkje kjem på nynorsk, så vil det presse språket vekk frå folk sin kvardag, seier Raja.

Kultur og likestillingsminister Abid Raja vil no invitere til språkmøte med fleire teknologiselskap. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor

Ber Microsoft snu

Når store delar av arbeidskvardagen går føre seg digitalt, vil dette også kunne påverke kommunar og fylke. Nynorskfylka Møre og Romsdal og Vestland har gjennom fylkestinget vedteke at dei vil kjempe for at Microsoft skal snu.

– Vi ber Microsoft om å ombestemme seg. Språket er ein viktig del av identiteten vår, spesielt når vi no blir heildigitaliserte i kvardagen vår, sa Trude Brosvik, gruppeleiar i Vestland KrF, til NRK i juni.

Microsoft: – er engasjert i å styrke det norske språket

Shazhad Rana er teknologidirektør i Microsoft Norge. Han er positiv til eit samarbeid med offentlege språkaktørar og andre teknologiselskap for å sikre språkmangfaldet.

– Vi er engasjerte i å styrke det norske språket og kulturarven i ein digital kontekst. Dersom vi ikkje gjer noko, er det fare for at det forsvinn. Men dette er eit løft vi må gjere i fellesskap med andre, Microsoft aleine kan ikkje gjere det, seier Rana til Nynorsk pressekontor.

Kristine Beitland, direktør for samfunnskontakt i Microsoft, Kultur og likestillingsminister Abid Raja og Shazhad Rana, teknologidirektør i Microsoft Norge deltok på møtet, i tillegg deltok distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland digitalt. Foto: Anne Sigrid Hundere / Nynorsk pressekontor

Forstår reaksjonane

Han trur også mykje handlar om bevisstgjering rundt språket.

– Outlook på Iphone har ikkje støtte for nynorsk. Vi testa ut om det ville få brukarar om vi gjorde det tilgjengeleg på nynorsk, noko som enda med 457 nynorskbrukarar. Det viser at det også krevst ei bevisstgjering om bruken av nynorsk.

– Kva tenkjer du om reaksjonane de har fått på endringa i menyspråk?

– Dei er forståelege om folk har trudd at vi fjernar nynorsk og hindrar moglegheita til å skrive nynorsk. Det er ikkje det vi gjer, det er menyane som vil vere på bokmål, seier Rana.

Dialog med språkaktørar

Kulturminister Abid Raja lovar å setje Microsoft i dialog med Nasjonalbiblioteket, Språkrådet og Språkbanken.

– Vi kan ikkje påleggje teknologiselskapa å gjere dette, men vi håper dei er sitt samfunnsansvar bevisst. Microsoft har sagt at dei vil gjere ei ny vurdering, men at det er teknologiske utfordringar dei ikkje klarer å løyse aleine.

Foto: Offentleg eigedom, Colourbox.com. Kollasj: Framtida.no