Google trugar med aldersgrense på Gmail
Australia held fram med å innføre avgrensingar på nett. No risikerer unge i landet å miste tilgangen på Gmail.
Australia blei i fjor det fyrste landet som avgrensa tilgangen på sosiale medium, og no kan unge i landet møte nye restriksjonar. Det skriv Reuters.
Les også: Australia kan få aldersgrense på 16 år for sosiale medium
Denne veka la dei fram ei lov som mellom anna skal forhindre at unge møter pornografi på nett. Google har varsla at dei nye reglane kan bety at dei under 18 ikkje lenger kan opprette eller nytte Gmail-kontoar.
Om selskap må sjekke alderen for å unngå at unge ser pornografi, kan det påverke kvardagslege kommunikasjonstenester som meldingar, e-post og privat fillagring, seier Rachel Lord. Ho er ein av sjefane i Google-eigde YouTube i Australia og New Zealand.
– Vi snakkar om potensiell invaderande overvaking av privat kommunikasjon eller fillagring, seier Lord.
Les også: Twitch får kritikk for å trene KI med strøymer-innhald
Også Meta, TikTok og Snap varsla at lova kunne oppfordre plattformer til å fjerne for mykje materiale for å unngå bøter.
Myndigheitene har varsla at bøtene kan kome på opp til 109 millionar australske dollar, eller meir enn 700 millionar kroner.
Lovforslaget inneber og at brukarane får velje sjølv om innhaldet i feeden deira er algoritmestyrt. Ho skal i tillegg gi myndigheitene makt til å fjerne KI-verktøy som kan kle folk nakne, og korte ned responstida på nettmobbing.
Forslaget må framleis godkjennast av det australske senatet.
Les også: EU med ny aldersgrense-app






