Ti sjekkereplikkar for deg som vil flørte på samisk

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 04.02.2021 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er samisk språkveke, og kva passar vel betre enn å lære seg ti frasar ein kan bruke for å sjarmere dei samisk-språklege ein kjenner i senk?

«Men eg kan jo ikkje uttale samisk rett?» skrik du sikkert ut i frustrasjon. Frykt ei, Iŋgá Káre Márjá Utsi, frå den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh, viser deg korleis!

Ho pratar nordsamisk, men dersom du heller vil lære deg frasene på sørsamisk eller lulesamisk, så finn du dei i Samisk Parlør.

Best av alt: Desse frasene passar til å halde kjenslene varme til koronapandemien er over, og vi ikkje lenger treng halde ein meter avstand.

?‍❤️‍?‍? Har du kjærast?

Det er greitt å sjekke stoda før ein dreg på med sterkare sjarmkrutt, så først av alt lyt ein sjekke om den utkåra har kjærast frå før.

Om du skal spørje nokon om dei har jentekjærast på nordsamisk, så seier du:
«Lea go dus moarsi?»

Men du kan òg spørje nokon om dei har gutekjærast, sjølvsagt!

Då spør du: «Lea go dus irgi?»

?Har du sakna meg?

Anten du sit i koronakarantene eller lyt halde deg heime grunna sår hals, det er gode sjansar for at ein ikkje får treffe kjende og kjære like ofte i desse dager. Så kvifor ikkje spørje om dei saknar deg, «Leat go váillahan mu?»

? Du er alltid i tankane mine

Kva er vel finare enn å fortelje nokon at du tenkjer på dei, sjølv når de ikkje er saman?

«Don leat álo mu jurdagiin»

? Så godt å høyre stemma di

Veit du kva som framleis fungerer, sjølv i katastrofeåret 2020? Telefonen! Så slå på tråden, og opne med denne frasen: «Oba buorre gullat du jiena»

?Vi sjåast i draumane

Veit du kvar ein ikkje treng halde ein meter avstand? I draumane, vel. På nordsamisk kan du seie: «Oaidnaletne niegus»

? Ikkje eingong det finaste morgongry er så pen som du

Det skal godt gjerast å ikkje verte litt mo i knea, om nokon serverer eit kompliment som dette!
Prøv sjølv: «Ii ge fiidnámus iđitguovssu nu čáppat go don»

? Ditt smil varmar som bålet i lavvoen ein sein haustkveld

Det er ganske sikkert at du klarar lokke fram eit smil om du fortel nokon av du vert varm om hjartet når hen smiler, særleg om det er på nordsamisk:

«Du modji ligge dego dolla lávus sevdnjes čakčaeahkedis»

❤️ Eg er glad i deg

Kjærleik er fint også på nordsamisk! Kvifor ikkje fortelje nokon at du er glad i dei ved å seie «Mun lean buorre dutnje»?

? Å sjå deg igjen varmar som synet av den første reinkalv ein tidleg vårmorgon

Sjarmprognose: 100 prosent sjanse for å verte sjarmert.

«Du fas oaidnit ligge mu dego vuosttaš miesáža oaidnin giđđaiđida»

?Hadde det ikkje vore for korona hadde eg kyssa deg no

Den aller viktigaste frasen i desse dager! For smittevern er viktig, sjølv når kjærleiken blømer.

«Jus ii livčče korona, mun livččen cummestit du»


 

Visste du at verken NRK, SVT eller Yle tekstar på samisk?– Skulle gjerne sett Skam med samisk tekst