Dictionary.com:
«Maxxing» er årets ord
Dictionary.com slang-maxxar i årets kåring.
Dictionary.com har kåra «maxxing» til årets ord.
Ordet «maxxing» dreier seg om å optimalisere eller gjere noko på best mogleg måte. Det mest populære maxxing-uttrykket er looksmaxing, som altså dreier seg om å sjå best mogleg ut, ofte gjennom å gjere drastiske grep.
Halen (eller suffikset) -maxxing kan knytast til det meste for å uttrykke at ein vil optimalisere eller maksimere eit aspekt. Andre typiske uttrykk er sleepmaxxing og healthmaxxing.

Uttrykket maxxing har auka i popularitet sidan midten av 2023. Skjermdump: Google
Opphavet til ordet kjem frå gaming og rollespel, kor spelarar snakkar om å maksimere ferdigheitene til ein karakter. I 2024 byrja konsept som «looksmaxxing» å spreie seg i sosiale medium, og gav uttrykket ny popularitet.
Dictionary.com skriv at uttrykket ofte vert brukt på ein spøkefull måte, og samanliknar ordet med å seie at ein er i sin «___-æra». Til dømes kan ein seie at ein er i sin protein-æra, eller at ein protein-maxxar.

Nynorskordboka har endå ikkje lagt til ordet maxxing. Skjermdump: Ordbokene.no






