Kulturministeren til Microsoft: – Ta omsyn til nynorsk
Microsoft vil kutte 27 språk frå Outlook iOS-appen sin. No vil kulturminister Abid Raja (V) invitere teknologigiganten til møte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I slutten av mai skreiv Framtida.no at Microsoft frå slutten av juni kuttar nynorsk og 26 andre språk frå Outlook for iphone og ipad.
Vel to veker seinare vedtok Vestland fylkesting samrøystes eit vedtak der dei ba Microsoft snu i saka og halde fram å tilby nynorsk. Fylkestinget oppmoda også kulturministeren om å engasjere seg i saka.
No varslar kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) at han vil følgje opp saka med teknologigiganten:
– Eg vil invitere Microsoft til eit møte og oppfordre dei til å på sitt vis å sikre posisjonen til norsk språk. Det inneber å ta omsyn til nynorsk spesielt, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) til NRK.
Overfor statskanalen påpeikar kulturministeren at store marknadsaktørar som Microsoft har eit stort samfunnsansvar, og at det er viktig at tenester staten brukar gjev eit likeverdig tilbod til begge målformene i Noreg.
Også Møre og Romsdal fylkestinget har vedteke at dei vil arbeide for å få Microsoft til å snu.
- Les også om 32-åringen som skriv nynorsk slik som Ivar Aasen gjorde det: – Godt for auga å lese
HER ER SPRÅKA SOM BLIR KUTTA:
- afrikaans
- amharisk
- aserbajdsjansk
- bosnisk
- baskisk
- persisk
- filipino
- irsk
- galisisk
- gujarati
- islandsk
- kazakhisk
- khmer
- laotisk
- litauisk
- latvisk
- makedonsk
- malayalam
- marathi
- nynorsk
- slovensk
- albansk
- serbisk (både latinsk og kyrillisk)
- tamil
- telugu
- urdu