Microsoft kuttar ut språket til 600 millionar menneske

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.05.2020 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talsperson for Microsoft Norge, Tone Kjensmo, stadfestar til Framtida.no at Outlook for iOS-appen avsluttar støtte for visningsspråk for 27 språk i slutten av juni 2020.

Epost- og kalenderprogrammet til Microsoft er det mest brukte i verda ved sida av Gmail frå Google.

– Avgjerda om å gjera dette vart tatt for å skapa konsistens på tvers av Microsoft 365-appar for iOS. I slutten av juni vil brukarar som blir påverka av denne endringa, måtte oppdatera visningsspråket, skriv ho på epost til Framtida.no.

Viss inga endring blir gjort, vil Outlook for iOS som standard vera engelsk.

– Merk at endringa vil påverka visningsspråket for Outlook for iOS-appen, men innhaldsoppretting vil ikkje bli påverka slik at brukarane framleis kan lesa og skriva utkast på språk som for augneblinken blir støtta av iOS-plattformen, avsluttar Kjensmo på epost til Framtida.no.

Språkrådet og språkdirektør Åse Wetås ber skular, kommunar og andre offentlege verksemder om å passa å stilla krav til nynorsk når dei kjøper inn programvare. Foto: Moment Studio/Språkrådet

Språkrådet reagerer

– Dette er veldig dårleg nytt, og går i heilt feil retning sett i samanheng med ambisjonane i språkmeldinga som blei lagt fram no nyleg, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås på telefon til Framtida.no.

Ho ber skular, kommunar og andre offentlege verksemder om å passa på å stilla krav til nynorsk når dei kjøper inn programvare, pcar og nettbrett.

Wetås seier Språkrådet vil kikka nærmare på saka.

Leiar i Noregs mållag, Peder Lofnes Hauge. Foto: Privat

Microsoft snudde etter stor aksjon

Microsoft lanserte sine første program på nynorsk hausten 2003 etter ein stor aksjon frå målrørsla. Aksjonen fekk stor oppslutning hjå skuleelevar i vidaregåande skule og heile 461 rektorar og 110 kommunar signerte kravet om nynorsk programvare.

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, håpar Microsoft tar til fornuften.

– Det er ufatteleg at Microsoft tenkjer så lite på kundane sine at dei kuttar ut 27 språk i Outlook for iOS – mellom anna dei tre språka urdu, telegu og nynorsk. Berre desse tre tilsaman har over 250 millionar språkbrukarar! skriv han på Facebook.

LES OGSÅ: Undersøking: Nynorske elevar blir tvinga til å bruka bokmål

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Her er språka som blir kutta:

  • afrikaans
  • amharisk
  • aserbajdsjansk
  • bosnisk
  • baskisk
  • persisk
  • filipino
  • irsk
  • galisisk
  • gujarati
  • islandsk
  • kazakhisk
  • khmer
  • laotisk
  • litauisk
  • latvisk
  • makedonsk
  • malayalam
  • marathi
  • nynorsk
  • slovensk
  • albansk
  • serbisk (både latinsk og kyrillisk)
  • tamil
  • telugu
  • urdu