Vestland fylke ber Microsoft droppa nynorskkutt

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For nokre veker sidan skreiv Framtida.no at Microsoft frå slutten av juni kuttar nynorsk og 26 andre språk frå Outlook for iphone og ipad. Epost- og kalenderprogrammet til Microsoft er det mest brukte i verda ved sida av Gmail frå Google.

Denne omlegginga fører til at språket til om lag 600 millionar menneske ikkje lenger skal bli brukt i denne appen. Både nynorsk, her i Noreg, og islandsk vert råka. Forklaringa frå Microsoft er at dei vil «oppretthalde konsistens på tvers av Microsoft 365-apper for iOS».

– Viktig å møta nynorsk overalt

I eit samrøystes vedtak frå fylkestinget i går heiter det:

«Vestland fylkesting ber Microsoft snu i denne saka og halde fram å tilby nynorsk. Det er spesielt underleg at Microsoft plukkar vekk nynorsk frå denne appen, når Microsoft har innarbeidd nynorsk i sine program sidan 2003. Vestland fylkesting meiner det er viktig at nynorskbrukarane møter nynorsk overalt. Det er spesielt viktig at nynorsken vert brukt i den heildigitaliserte kvardagen vår.»

Trude Brosvik (KrF) fremja forslaget i fylkestinget. Foto: KrF

Vil bruka innkjøpsmakta

Det er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik, som fremja forslaget til uttale.

– Det er utruleg trist å sjå korleis Microsoft tenkjer å kutta mindre språk. Då synest me det er på plass å så langt som råd å bruka innkjøpskrav til å fremja tilgang til nynorske programvare, seier Brosvik til Framtida.no.

Politikarane vil bruka offentleg innkjøpspolitikk for å styra språkutviklinga i Noreg.

«Vestland fylkeskommmune er ein av dei største nynorske arbeidsgjevarane i Noreg. Dette forpliktar oss til å bruke innkjøpsmakta vår. I utlysing av nye innkjøp og anbod må det så langt råd er, stillast språkkrav til programvare og eventuelt andre digitale hjelpemiddel.»

Ber regjeringa engasjera seg

Vestland fylkesting ber også regjeringa ved kulturministeren engasjera seg i denne saka.

– Dette er veldig viktig språkpolitikk når heile samfunnet blir heildigitalisering, seier Brosvik.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Ingunn V. Steinsvåg

Fakta: Her er språka som blir kutta:

  • afrikaans
  • amharisk
  • aserbajdsjansk
  • bosnisk
  • baskisk
  • persisk
  • filipino
  • irsk
  • galisisk
  • gujarati
  • islandsk
  • kazakhisk
  • khmer
  • laotisk
  • litauisk
  • latvisk
  • makedonsk
  • malayalam
  • marathi
  • nynorsk
  • slovensk
  • albansk
  • serbisk (både latinsk og kyrillisk)
  • tamil
  • telugu
  • urdu