1 av 20 yrkesfagelevar sluttar på skulen
Sannsynet for å slutte på vidaregåande skule er større på yrkesfag enn på studieførebuande program, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet for skuleåret 2019–20 viser at 5 prosent av elevane på yrkesfag slutta i løpet av skuleåret utan å ha byrja på eit anna utdanningsprogram.
På studieførebuande er talet 1,9 prosent.
- Les også: Rekordhøgt snitt for avgangselevar i VGS
Færre enn året før
Det var likevel totalt 600 færre elevar som slutta på vidaregåande enn i skuleåret 2018–19.
Kunnskapsminister Guri Melby meiner ein ikkje skal slå seg til ro med det.
– Vi veit at dei som ikkje fullfører vidaregåande no når landet er i ei koronakrise, vil ha dårlege føresetnader for å komme i arbeid. Derfor er denne regjeringa i gang med den største satsinga på vidaregåande opplæring på mange tiår, seier Melby.
Flest gutar som sluttar
Det er fleire gutar som sluttar enn jenter. 3,4 prosent av alle gutar som tok vidaregåande opplæring slutta i 2019-20, mot 2,7 prosent av alle jenter.
Det er òg store variasjonar mellom fylka. Flest elevar slutta i Nordland, medan færrast slutta i Møre og Romsdal.
Hovudfunn
- 3,0 prosent av elevane sluttar i løpet av skuleåret
- Færre slutta i 2019-20 enn året før
- Flest elevar sluttar på design og handverk
- Færrest elevar sluttar på idrettsfag
- Gutar sluttar i større grad enn jenter på alle trinn
- Jenter sluttar i større grad enn gutar i utdanningsprogram med stor overvekt av gutar