Rekordhøgt snitt for avgangselevar i VGS

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 08.09.2020 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sist veke kom tal som viste at tiandeklassingane fekk høgare snitt enn normalt i år. No ser vi at avgangselevane i vidaregåande òg får høgare karakter enn året før, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Ifølgje Kunnskapsdepartementet auka gjennomsnittskarakterane i 41 av 46 fellesfag samanlikna med fjoråret. Samla sett auka snittkarakteren frå 4,1 i fjor til 4,2 i år i desse faga.

– Sjølv om ikkje auken i kvart enkelt fag er så stor, er det uvanleg at karakterane aukar i så mange fag på same tid, seier Melby.

Avlyste eksamenar

På grunn av koronasituasjonen våren 2020 vart alle eksamenar for elevar i VGs avlyste, med nokre få unntak. Normalt får mange av elevane noko dårlegare karakterar på skriftleg eksamen enn i standpunkt.

Avlyste eksamenar er derfor noko av forklaringa på betre snitt, men ikkje heile, ifølgje Kunnskapsdepartementet. Elevane har nemleg òg fått betre standpunktkarakter.

– Då eksamenane vart avlyste, vart samstundes fristen for å setje standpunktkarakterar utsett. Dermed fekk skulane betre tid til å vurdere elevane. Desse faktorane kan ha medverka til at tala frå i år skil seg frå tidlegare år, seier Melby.

– Vil undersøkje årsaka

Kunnskapsministeren minner samtidig om at karaktersnittet har stige jamt gjennom mange år.

– Auken er likevel særleg stor i år, og Utdanningsdirektoratet vil undersøkje nærare kva som kan vere årsakene til den endringa, seier Melby.

________________________________________________________________________

Elevane på Kuben vidaregåande skule var uroa for korleis heimeskule ville påverka karakterane deira. Frå venstre: Hamza Hussain (18), Hanouk Tewelde (17) og Suleiman Mohammad (17). Foto; Andrea Nøttveit