Regjeringa vil bruka 11,2 milliardar kroner meir på klima- og miljøtiltak. Samtidig reknar dei ikkje med å nå målet om å kutta halvparten av utsleppa innan 2030 utan endå fleire tiltak.
mm

– Klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene me står overfor i vår tid. Endringar i klima, forureining og tap av natur påverkar helsa, livsgrunnlaget og verdiskapinga til menneska. Dette budsjettet er eitt steg i retning av å løysa store utfordringar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

Regjeringa har sett som mål å kutta minst 50 prosent, og opp mot 55 prosent, av utsleppa innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.

Men i framskrivingane for utslepp av klimagassar, reknar regjeringa med at klimagassutsleppa berre vil falla med 19 prosent frå 2019 til 2030 utan nye tiltak. Om dette slår inn vil utsleppa berre bli kutta med 21 prosent av 1990-nivå i 2030.

2,7 milliardar kroner til fangst, transport og lagring av CO2

Rapportane til FN sitt klimapanel viser at det vil vere naudsynt med fangst og lagring av CO2 for å redusera globale klimagassutslepp for å nå temperaturmåla i Parisavtalen.

Tina Bru, Høgre. Foto: Høgre

Regjeringa vil gjennomføra eit norsk prosjekt for fullskala CO2-handtering. Regjeringa vil løyva totalt 16,8 milliardar kroner, av dette om lag 2,7 milliardar kroner i 2021 til fangst, transport og lagring av CO2.

– Eit vellukka prosjekt vil bidra vesentleg til utviklinga avCO2-handtering som eit effektivt klimatiltak og vil samstundes vera eit viktig prosjekt for å skapa grøn vekst og nye jobbar i Noreg, seier olje- og energiminister Tina Bru (H) i ei pressemelding.

Regjeringa vil gi støtte til fangst av CO2 ved sementfabrikken til Norcem i Brevik. CO2 skal fraktast på skip til Øygarden der han skal sendast i røyr og lagrast under Nordsjøen. Foto: Gassnova

Grøn omstillingspakke

For å stimulera økonomien under koronapandemien blei ein grøn omstillingspakke på totalt 3,6 milliardar kroner vedtatt i juni.

Klimapakken som EU la fram i juni, er over 500 gonger større enn det den norske regjeringa la fram same veka.

Regjeringa føreslår òg:

  • 70 millionar kroner til mellom anna forsking på reduksjon av klimagassutsleppkorleis hindre tap av naturmangfald og korleis sikre meir klimatilpassa og berekraftig matproduksjon.
  • 40 millionar kroner til å bidra til ein meir sirkulær økonomi.
  • stimulera til oppgradering av vasskraftverk med omlegging av skattane, tapte skatteinntekter rekna til 600 millionar kroner.

LES SISTE NYTT OM STATSBUDSJETTET HER!

Over 6,2 milliardar kroner til miljøvennleg transport

Regjeringa løyver om lag 32 milliardar kroner til jernbaneformål i 2021. Det er ein auke på 5,4 milliardar kroner.

Knut Arild Hareide, Kristelig Folkeparti. Foto: Stortinget

– Kollektivtilbodet er viktig for å redusera vegtrafikken rundt dei store byane våre, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Regjeringa føreslår:

  • 17,3 milliardar kroner til jernbaneinvesteringar, ein auke på 4,1 milliardar kroner frå 2020.
  • 6,5 milliardar kroner til å følgja opp belønnings- og byvekstavtalene i 2021. Ein auke på over éin milliard kroner.
  • 80 millionar til hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband
  • 25 millionar kroner til grøn flåtefornying av lasteskip.
  • Fjerna flypassasjeravgifta på flyreiser med null- og lågutsleppsteknologi

Regjeringa får samstundes kritikk for å ikkje auka avgifta på bensin- og diesel, samstundes som regjeringa føreslår å innføra ei vegavgift for elbilar på 2135 kroner i året.

LES OGSÅ: Kan ei borgarforsamling visa vegen ut av klimakrisa? Seks av ni ungdomsparti er positive

Til venstre: Tyske klimaaktivistar demonstrerer utanfor Siemens sitt aksjonærmøte på grunn av selskapet sine bindingar til kolindustrien. Ifølgje plakaten til høgre vil dei erstatta aksjonærmøte med borgarforsamlingar.(Peter Kneffel/dpa via AP) Til høgre: alle ungdomspartileiarane.
Oppdatert: onsdag 7. oktober 2020 13.46
ANNONSE