Regjeringa vil bruka 313,4 milliardar oljekroner i 2021
Det betyr at regjeringa går tilbake til handlingsregelen allereie til neste år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei siste månadene har vist oss at koronapandemien ikkje er over enno. Vi vil gjere det som trengst for å få Noreg trygt gjennom koronapandemien også neste år, sa Erna Solberg til VG denne veka.
Då avsløra ho at regjeringa vil bruka 25 milliardar kroner også neste år på koronatiltak.

Sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland. Foto: DNB
Tilbake til handlingsregelen
Sjeføkonom i DNB, Kjersti Haugland, seier til NTB at pengebruken er lågare enn ho hadde trudd.
– I dagens situasjon er det fornuftig å redusere oljepengebruken frå det skyhøge nivået vi har hatt i år, seier Haugland til NTB.
I dag tidleg kom Finansdepartementet med nokre nøkkeltal for forslaget til Statsbudsjett for 2021. Der føreslår regjeringa å strama inn oljepengebruken til neste år.
I 2017 vart handlingsregelen strama inn slik at regjeringa no berre kan bruka 3 prosent av Oljefondet, der dei før kunne bruka 4 prosent.
I år auka regjeringa oljepengebruken dramatisk for å bøta på dei negative konsekvensane av koronapandemien og enda med å bruka 3,9 prosent.
I år har regjeringa brukt 404,3 milliardar kroner frå Oljefondet, eit tal som skal kuttast med 90,9 milliardar i 2021.
Sjølv om regjeringa legg opp til å bruka mindre oljepengar, brukar dei framleis 313,4 milliardar, som er 61 milliardar meir enn det meir normale året 2019.
Finansministeren fryktar arbeidsløyse
I nøkkeltala for 2021 legg regjeringa til grunn at arbeidsløysa i Noreg skal ned igjen frå 4,9 til 3,1 prosent.
Finansminister Jan Tore Sanner seier til NRK Alltid Nyheter at det viktigaste regjeringa no gjer er å trygga jobbane til folk.
– Mi bekymring i den krisa me no er i er at arbeidsløysa skal bita seg fast. Det er at ungdom som er ferdige med utdanninga si ikkje skal ha ein jobb å gå til og difor er det overordna for meg å regjeringa at me skal trygga jobbane til folk, samstundes som me tek vare på helsa, seier han til NRK Alltid Nyheter på morgonkvisten i dag.