Studentleiar skuldar regjeringa for løftebrot: – Eg blir opprørt

Norsk Studentorganisasjon reagerer på at regjeringa vil byggja færre nye studentbustadar neste år og ber Stortinget sikra studentane bustad og høgare studiestøtte.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg blir opprørt over forslaget fra regjeringa, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon Andreas Trohjell i ei pressemelding.

I pressemeldinga peikar NSO på at Venstre og KRF begge gjekk til val på å byggja 3000 nye studentbustadar årleg.

I Granavolden-plattforma vart difor dei fire regjeringspartia einige om å oppretthalde eit høgt nivå på byggjing av studentbustadar.

Færre nye studentbustadar

NSO peikar på at Solberg-regjeringa har levert godt over 2000 bustadar i alle år og reagerer difor på at dei kuttar til 1650 i 2021.

– Kvart år ser me tusenvis av studentar i bustadkø etter studiestart. Regjeringa seier at dei satsar på kunnskap samstundes som dei legg opp til at studentane ikkje har ein stad å bu medan dei studerer, seier Trohjell i pressemeldinga.

NSO-leiaren ber no Stortinget rydde opp og sikra både fleire studentbustadar og eit reelt hopp i studiestøtta.

I forslaget til statsbudsjett vil regjeringa også prisjustere studiestøtta med 2,3 prosent i studieåret 2021/2022. Det betyr at studiestøtta aukar frå 112 290 kroner til 126.360 kroner.