Fem på fredag: Kor raskt kan Kina kvitte seg med kolet?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne teksten er henta og omsett, med velvilje frå Energi og klima.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyhendesaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kinas kolvekst må ta en kraftig u-sving

Nyheita: Kina må fase ut kol innan 2050 og bygge store mengder ikkje-fossil straum. Det er oppskrifta på eit karbonnøytralt Kina, servert frå eit av landets leiande klimaforskningsinstitutt ved Tsinghua University.

Bakgrunn: President Xi Jinping overraska førre veke ved å annonsere at Kina, som står for 28 prosent av dei globale utsleppa, skal bli karbonnøytralt innan 2060.

Ei fersk undersøking som mellom anna Lauri Myllyvirta, analytikar ved Center for Research on Energy and Clean Air i Helsinki står bak, viser at Kinas kullkraftkapasitet aukte med 40 gigawatt (GW) i 2019 til ca. 1050 GW, og ytterlegare 100 GW er under bygging.

I fjor dekka kol om lag 58 prosent av Kinas totale energiforbruk og 66 prosent av kraftproduksjonen. Men sol og vind har vakse mykje dei siste åra og produserte til saman 630 TWh av Kinas straumproduksjon på 7503 TWh i 2019, viser statistikk frå BP.

«Kraftsektoren er den delen av energisystemet der nullutslippsteknologiar er mest modne og økonomisk konkurransedyktige», seier analytikar Myllyvirta.

Men fossil-fri kraft møter regulatoriske hinder.

«Fordeling av driftstid mellom kraftverk skjer med lite omsyn til økonomiske eller miljømessige konsekvensar. Regulatorar favoriserer overveiande kolkraft, delvis fordi det ikkje lid av variable produksjonsmønster», seier Li Shuo, klimapolitisk rådgivar for Greenpeace Kina.

Kjernekraft er heller ikkje uproblematisk. Strengare tryggleikskrav etter Fukushima-katastrofa, gjer nye anlegg dyrare. Offentleg motstand aukar også, og Kina er omlag seks GW unna regjeringa sitt mål om 58 GW-kapasitet innan 2020.

Kvaa skjer framover? Det store spørsmålet er kor raskt Kina sitt 2060-mål viser igjen i praktisk politikk. Kina sine korona-krisetiltak har vore prega av større satsing på fossil energi enn lavkarbon-løysingar.  26. -29. oktober skal Kina sine leiarar drøfte landets neste femårsplan.

Oljehandelsselskap pløyer milliardar inn i fornybar energi

Nyheita: Dei neste fem åra vil nokre av verdas største oljehandelsselskap investere milliardar av dollar i fornybare energiprosjekt.

Bakgrunn: Færre moglegheiter innan olje, låge oljeprisar og usikkerheit om framtidig oljeetterspurnad, gjer sol, vind og hydrogen meir interessant. Både Mercuria, Gunvor, Vitol og Trafiguera har store investeringsplanar. Administrerande direktør i Vitol, Russell Hardy har «beskjedne forventingar» til oljeprisen den næraste tida og Jeremy Weir, administrerande direktør i Trafigura, trur heller ikkje prisen vil stige betydeleg dei neste seks månadane. For eit par veker sidan la BP fram scenario som viste at oljeetterspurnaden kanskje aldri kjem tilbake til før-korona-nivå, medan franske Total, trur olje-etterspurnaden vil nå ein topp rundt 2030.

«Om du vil eksistere om ti år og ikkje vil vere i fornybar energi, så trur eg det kjem til å bli tøft. I løpet av dei neste fem åra bør vi ha omlag 50 prosent av investeringane våre i fornybar energi» sa Marco Dunand, administrerande direktør i sveitsiske Mercuria, til Financial Times.

Havets evne til å absorbere CO2 kan bremse

Nyheita: Det er rekna at havet absorberer rundt ein fjerdedel av CO2-utsleppa som kvart år vert danna av menneskeleg aktivitet. Ein ny studie, omtalt i Carbon Brief, viser imidlertid at talet kan vere høgare.

Bakgrunn: Sjølv om havets evne til å fange og lagre karbon har bidrege til lågare CO2-konsentrasjon i atmosfæren, har det kosta. Meir CO2 i havet fører til havforsuring. Ein studie, publisert i tidsskriftet Nature Climate Change og omtala av Inside Climate News viser dessutan korleis global oppvarming skapar tydelegare lag med varmt vatn i øvre del av havet. Det kan føre til mindre sirkulasjon i havet og sterkare tropiske stormar. Om meir og meir varme bygger seg opp nær havoverflata, vil havets evne til å absorbere CO2 bli mindre, ifølgje Michael Mann, klimaforskar ved Penn State.

Merkel vil kjempe for at heile EU støttar 55 % utsleppskutt

Nyheita: Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, vil kjempe for å få alle EUs medlemsland til å støtte eit mål om å kutte utsleppa med 55 prosent innan 2030.

Bakgrunn: Under president Ursula von der Leyen, har EU-kommisjonen føreslått å auke 2030-klimamålet frå dagens 40 prosent. Merkel har tidlegare forplikta seg til von der Leyens opprinnelege forslag på 50-55 prosent kutt, men seier no at ho vil jobbe for semje om å kutte utsleppa med 55 prosent. Polen, Tsjekkia og Ungarn er skeptiske.

Testar landstraum og ladestraum til havs

Nyheita: Maersk Supply Service og Ørsted har gått saman om å teste ein bøye til havs som både skal fungere som fortøyingspunkt og samtidig forsyne skipa med landstraum og ladestraum frå offshore vind. Ein prototype vil bli testa i andre halvdel av 2021.

Bakgrunn: Skal Ørsted nå målet om å gjere heile verksemda karbonnøytral, må skip som vert brukt i utbygging og drift av offshore vindkraftparkar, nytte andre energiløysingar enn fossilt drivstoff. Ved å legge til rette for at skip kan nytte landstraum og lade batteri til havs frå vindmøllene, kan heil- og delelektriske fartøy vere eit eigna alternativ.

Aktivistar frå Sunrise Movement okkuperer speaker Nancy Pelosis kontor 18. november 2018. (Foto: Corien Dijsselbloem, Sunrise Movement)