Slik endra ungdomsaktivistar amerikansk klimapolitikk

Andreas Myklebust Moksnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Omsett og gjengjeve med velvilje frå forfattaren.

Ein novemberdag i 2018 okkuperte rundt 200 unge menneske kontoret til Nancy Pelosi, speakeren i Representantanes hus i den amerikanske Kongressen.

Dei rulla ut bannarar med slagord som «Grøne jobbar for alle», heldt appellar og song protestsonger. Det nyvalde kongressmedlemmet Alexandria Ocasio-Cortez møtte opp for å støtte dei. 51 personar vart arresterte.

Opptrinnet fekk massiv mediemerksemd, og i løpet av eit par veker snakka alle i Kongressen om kravet til demonstrantane: ein «Green New Deal» for USA.

Soloppgangen

Mindre enn to år seinare er Joe Biden den demokratiske presidentkandidaten. Han tilhøyrer den moderate fløyen av partiet og har ikkje vist så mykje interesse for klimapolitikk før.

Likevel er den nye klimaplanen til Biden den klart mest ambisiøse i partiet si historie.

Han har lova å bruke 20 000 milliardar kroner på klimatiltak. I Kamala Harris har han funne ein visepresidentkandidat som støttar Green New Deal heilhjarta og styrkar klimaprofilen hans.

Dette ville kanskje aldri ha skjedd om det ikkje var for demonstrantane frå Sunrise Movement.

Sette klimapolitikk øvst på agendaen

Sunrise Movement vart starta i slutten av 2015 av 12 aktivistar frå ulike miljøorganisasjonar. Dei var inspirerte av Bernie Sanders sin presidentkampanje og ville bruke erfaringane der ifrå i klimakampen. Før kongressvalet i 2018 byrja dei å rekruttere unge folk i ei rekke nøkkeldistrikt til å drive valkamp.

Timingen for den første store aksjonen deira var perfekt. Berre kort tid før hadde FNs klimapanel lagt fram rapporten som for første gang gjorde det klart kor alvorlege konsekvensar ei temperaturauke over 1,5 grader ville føre til. Alvoret i klimasaka byrja å gå opp for amerikanarane, men Demokratene mangla ein plan. Eit politisk rom låg vidope.

Éin månad etter demonstrasjonen på Pelosi sitt kontor, hadde 40 kongressmedlem stilt seg bak idéen om ein Green New Deal. Eitt år seinare sa kvar einaste demokratiske presidentkandidat i primærvalet at dei støtta det radikale initiativet, i ulik grad.

Sunrise hadde klart det ingen har klart før dei: Å sette ambisiøs klimapolitikk øvst på agendaen til Det demokratiske partiet. For kanskje første gong står radikale og moderate partimedlem no samla om ein plan.

Organisasjon forma av klimagenerasjonen

I dag har organisasjonen hundrevis av lokallag over heile landet. Dei fleste aktivistane er i 20-åra, mange er endå yngre.

Sunrise representerer generasjonen som har vakse opp med klimaendringar. I eit podkastintervju med Ezra Klein fortel grunnleggar Varshini Prakash om ein «klimagenerasjon» som er forma av hetebølger og orkanar. Dei skal leve med klimakrisa resten av livet. Difor har dei lite tolmod med treige politikarar.

Medgrunnleggar i Sunrise Movement, Varshini Prakash, talar etter å ha vunne Henry A. Wallace Award i 2019. (Foto: Kevin Wolf/AP Images for Wallace Global Fund)

Planen deira er like enkel som den er ambisiøs: Dei «bygger ein hær av unge menneske for å skape millionar av gode jobbar og stanse klimaendringane i prosessen».

Rekkefølga fortel mykje om korleis Sunrise ser på klimasaka. Dei prøver først og fremst å redde menneskeliv, ikkje kval og isbjørn. Politikken og retorikken til Sunrise har meir til felles med borgarrettsrørsla på 1960-tallet og Occupy Wall Street enn med den tradisjonelle miljørørsla i USA.

Sunrise er meir enn ein miljøorganisasjon; det er ei brei, progressiv rørsle. For dei heng kampen for urfolks rettar naturleg saman med kampen for naturen, og dei har engasjert seg sterkt i Black Lives Matter-protestane. Støtte til fagrørsla og kamp mot ulikskap ligg i gruppa sitt DNA. Mange av leiarskikkelsane er kvinner, gjerne med minoritetsbakgrunn.

Gir ikkje politikarane fred

Sunrise har funne suksessoppskrifta for si tid: aktiv bruk av sosiale medium kombinert med tradisjonell grasrotorganisering. Dei meistrar Twitter og Instagram til fingerspissane og publiserer dagleg nye innlegg til fleire hundre tusen følgjarar. Ein kul valkampvideo for senator Ed Markey den eine dagen; ein Britney Spears-streikevideo den neste.

Mange videoar viser konfrontasjonar med politikarar på offentlege møter eller på kontora deira. Sunrise gir ikkje politikarane fred; dei krev handling. Då den demokratiske senatoren Dianne Feinstein i fjor avfeia ei gruppe små barn som trygla henne om å støtte ein Green New Deal, gjekk videoklippet viralt.

Samtidig driv Sunrise omfattande kampanjar for å få progressive kandidatar valde inn i alle politiske organ. Ved valet i 2018 støtta dei 30 nøye utvalde kandidatar, deriblant Ocasio-Cortez, som vann over ein motkandidat som hadde site i Kongressen i 19 år.

Sunrise bidrog også til at resten av gruppa som vart kjende som «The Squad» vart valde og gjenvalde: Ayanna Pressley, Ilhan Omar og Rashida Tlaib.

Mediefavoritten Ocasio-Cortez har blitt eit ikon for rørsla. Det var ho som først la fram ein Green New Deal-resolusjon i Kongressen. Ho gir organisasjonen ekstra merksemd og tyngde. I ein Sunrise-video på Facebook er til dømes Ocasio-Cortez fortellaren medan illustrasjonar frå framtida viser korleis dei lukkast med å gjennomføre planane sine.

The Squad. F.v. Rashida Tlaib, Ayanna Pressley, Alexandria Ocasio-Cortez og Ilhan Omar. (Foto: United States Congress, U.S. House Office of Photography)

Biden vil bruke 20 milliardar kroner

Sunrise kjempa hardt for at Bernie Sanders skulle bli Demokratane sin presidentkandidat i 2020. Då Sanders tapte, kunne ungdommane ha gitt opp håpet. I staden valde Sunrise å vere pragmatiske.

Biden inviterte overraskande til ei felles arbeidsgruppe for klimapolitikk i samarbeid med Sanders, og grunnleggar Prakash takka ja. Ho forklarte i ein bloggpost at ho ikkje dimed omfamna Biden, men ville jobbe for å dytte plattformen hans så langt ho kunne i retning av ein Green New Deal.

I juli la arbeidsgruppa fram forslaga sine. Éi veke seinare la Biden fram plattformen sin: ein plan som er ein Green New Deal i alt unnateke navnet. Biden vil bruke to billionar dollar – 20 000 milliardar norske kroner – på klimaprosjekt dei neste fire åra.

USA skal ha 100 prosent utsleppsfri kraftproduksjon innan 2035 og netto null utslipp innan 2050. Det skal investerast massivt i infrastruktur, elbilar, kollektivtransport, energieffektive bygg, forsking på rein energi, ei sivil klimastyrke og mykje mer.

På kort tid har Demokratane samla seg om eit program som ville vore utenkeleg for berre eit par år sidan

Planen er omfattande og detaljert. I tillegg til å inkludere dei fleste av arbeidsgruppa sine forslag lånar den mykje frå programmet til «klimakandidaten» Jay Inslee, som tidleg droppa ut av kampen om å bli Demokratane sin kandidat.

Sjølv den mest kravstore miljøaktivist må innrømme at dette er veldig ambisiøse saker. Sunrise, som tidlegare hadde gitt Biden lågaste moglege karakter på klimapolitikken hans, var nøgde. I ei uttaling skreiv dei at no hadde dei lært Biden å «talk the talk».

81 prosent støttar Green New Deal

Ifølge Vox sin klimaekspert David Roberts, dreier ein Green New Deal seg om tre sentrale prinsipp: (1) å avkarbonisere heile økonomien, (2) investeringar i millionar av nye arbeidsplassar, og (3) rettferdig omstilling og fokus på klimarettferd.

Det unike med planen er at den likestiller klimapolitikk og sosialpolitikk: Å kjempe mot ulikskap er like viktig som å kutte utsleppa. Prosjektet skal skape minst ti millionar nye, godt betalte jobbar.

Eitt av dei beste argumenta for å satse på ein Green New Deal er at det er oppsiktsvekkande populært blant dei amerikanske veljarane. I ei undersøking frå desember 2018 svarte heile 81 prosent av dei spurte at dei støtta ein slik plan. Tankesmia Data for Progress har også demonstrert at dette kan vere ei vinnarsak for Biden.

Det er lett å forstå kvifor. Mange amerikanarar mislikar prat om å «stanse klimaendringar». Derimot er det få som er negative til investeringar i fornybar energi, nye jobbar og sosiale ordningar. Dette er det geniale med Green New Deal: Fokuset ligg på alt som skal bli betre, ikkje kva folk må ofre.

Valet som avgjer alt

I november skal amerikanarane velje mellom ein kandidat med ein tydeleg, ambisiøs plan for å kjempe mot vår tids største utfordring – og ein kandidat som meiner at heile problemet er ein bløff.

Biden sin ambisiøse klimaplan har gått under radaren i norske medium. På kort tid har Demokratane samla seg om eit program som ville vore utenkeleg for berre eit par år sidan. Joe Biden framstår meir radikal i klimapolitikken enn Jonas Gahr Støre. Han er slett ikkje perfekt, men han er klimaleiaren verda treng akkurat no.

Når sola står opp den 4. november, vaknar vi kanskje til eit USA som endeleg tek leiarskap på klimaområdet. I så fall bør vi alle sende ei takk til dei unge aktivistane i Sunrise Movement.

Frå venstre: Amerikanske Kelsey Juliana (23) og norske Penelope Lea (14) føler ofte at vaksne brukar hersketeknikkar, men at det har vorte lettare å vere klimaaktivist.. Foto: Ingvild Eide Leirfall