Regnskogar mistar evna til å absorbera CO2

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tropiske regnskogar absorberer i dag store mengder karbon frå atmosfæren, og fungerer dimed som eit avansert reinseanlegg for klimagassar.

– Ingen moderne teknologi kan måla seg med regnskogen når det gjeld karbonbinding, skreiv Jon Lomøy, direktør i Norad, direktoratet for norsk bistand og utviklingsarbeid, i eit lesarinnlegg om brannane i Amazonas.

Mindre karbonlagring = kjappare klimaendringar

I dag er regnskogar ei viktig kjelde til karbonlagring gjennom karbonbinding, som fjernar karbondioksid (CO2) frå atmosfæren, og lagrar det i trer. Denne prosessen er med på å bremsa klimaendringane.

Studien har sett på 300.000 tre over 30 år, og ser at tropiske regnskogar har fått svekka evner til karbonlagring. Mengda karbon som har blitt absorbert av verdas tropiske skogar, har sokke dei siste tretti åra.

I dei fleste modellane for klimaspådommar i dag, reknar ein utifrå at karbonlagringa vil halda fram i mange tiår til. Men tørke og høge temperaturar gir dårlegare vekst og færre tre, og kan føre til at skogane sjølve blir kjelder til CO2-utslepp.

Dersom regnskogane mistar evna til å vera karbonsluk vil det kunne føre til at me må kutte CO2-utslepp i mykje større skala, og fart, enn det me reknar at me må i dag.

– Me ser at ein av dei mest urovekkande konvekvensane av klimaendringane allereie har starta. Dette er fleire tiår føre sjølv dei mest pessimistiske klimamodellane, seier professor Simon Lewis ifølgje The Guardian.

Amazonas kan bli karbonutsleppskjelde i 2030

Regnskogane absorberer no ein tredjedel mindre karbon enn dei gjorde på 90-talet, på grunn av høgare temperaturar, tørke og avskoging.

Den fallande kurva ser ut til å halda fram, all den tid skogane framleis er utsette for både klimaendringar og utnytting.

Ifølgje forskarane kan tropiske regnskogar sjølv bli ei kjelde til karbonutslepp innan 2060. Amazonas kan bli ei kjelde til utslepp allereie på midten av 2030-talet.

 

Avskoging i Amazonas

– Tida for handling er no

Karbonlagringa av tropiske regnskogar nådde sitt høgdepunkt på 90-talet. Då vart omlag 46 milliardar tonn karbon fjerna frå atmosfæren, like mykje som rundt 17 % av CO2-utsleppa frå menneskeleg aktivitet. Det siste tiåret har det sokke til 25 milliardar tonn, berre 6 % av globale utslepp.

Forskjellen er omlag like stor som eit tiår med fossile utslepp frå Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Canada samanlagt.

– Menneske har vore heldige så langt og hatt tropiske skogar som har tørka opp mykje av våre utslepp, men dei kan ikkje gjera det i alle æve, seier Lewis til The Guardian.

– Me må dempa utslepp frå fossile brensel før det globale karbonkrinsløpet byrjar jobba imot oss. Tida for handling er no.

Satelittbilete frå NASA viser korleis røyken synest frå verdsrommet. Bilete teke 13.august 2019. Foto: NASA