«Ja til fornybar energi – òg for resten av Europa»

Elias Eide
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For å erstatte oljen må vi ta i bruk enorme mengder med fornybar energi. Vindmøller, vasskraft og utvinning av kopar er ein god start.

Alle er einige om at elektrifisering løyser delar av klimaproblemet. Vi kjem til å køyre el-bilar, el-fly og toga skal elektrifiserast.

Mengda batteri som skal produserast er enorm og batteria krev mineral. Tidligare har kopar og kobolt blitt utvinne i fattige land som Kongo. Det har ført til konflikt kring ressursane. Fredprisvinnar, Denis Mukwege, bad difor Vesten ta eit større ansvar for produksjonen av mineral. Det seier alle ungdomspartia på venstresida nei til. Unge Høgre meiner koparutvinning i Norge er en liten kostnad for å bidra til å redde klimaet.

Det hjelper ikkje å elektrifisere dersom straumen kjem frå dieselaggregat eller kol. Energien må vere fornybar.

Norge er allereie et føregangsland med nærare 100 produsent fornybar energi. Vi burde likevel byggje ut meir vind- og vasskraft. Kraftoverskotet kan vi eksportere til andre land. Tyskland og Storbritannia er i dag avhengige av norsk gass. Alternativet deira er kol.

Ved storskala utbygging av norsk, fornybar energi kan norsk straum erstatte fossile energikjelder på kontinentet.

Ny, norsk fornybar energi må ha tilgang til den utanlandske marknaden

 

Dei raudgrøne kan snakke så mykje dei vil om å byggje ut vindkraft, enten det er til havs eller til lands. Prosjektet deira vil gå med dundrande underskot så lenge dei ikkje er villige til å knyte den norske kraftmarknaden opp mot den europeiske. Marknaden i Norge er allereie metta med energi. Ny, norsk fornybar energi må ha tilgang til den utanlandske marknaden.

Dersom ein berre skal produsere for heimemarkanden må staten kvart år subsidiere utbygginga, vedlikehaldet, løna til dei som jobbar der og drifta av vindmøllene eller vasskraftverka. Ikkje ei einaste krone vil kome staten til gode. Det kan ikkje akkurat kallast et industrieventyr.

For ikkje å snakke om at vi vil produsere enorme mengder energi som vi ikkje får bruk for. Det er ikkje berre dårleg næringspolitikk, det er også dårleg klimapolitikk. Sjølv politikarar på venstresida må halde seg til marknaden. ACER var derfor et steg i riktig retning for å knytte kraftmarknaden saman.

For ikkje berre skal vi elektrifisere meir og utvinne mineral til batteri. Vi må også kunne selje norsk, fornybar energi til andre land. Det er bra for næringslivet, men og bra for klima.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Foto: Skjermdump frå Youtube/ Unsplash.com