Dei siste 15 åra har World Economic Forum gjeve ut ein årleg risikorapport som skildrar dei største trugslane for kloden dei neste ti åra.
For første gong i historien er fem miljøtrugslar øvst på lista over trugslar som truleg vil ha stor påverknad det komande tiåret.
– Vi har berre eit veldig lite vindauge og om vi ikkje brukar det vindauget i dei neste ti åra, så vert det som å flyte rundt på klappstolane på Titanic, sa Børge Brende, president i WEF, ifølgje The Guardian.
Rapporten, Global Risk Report 2020, vart gjeven ut i førekant av det årlege møtet forumet har i den sveitsiske byen Davos neste veke.
Det var Dagens Næringsliv som først omtalte saka i Noreg.
Dette meiner ekspertane er klodens fem største trugslar:
1: Ekstreme vêrhendingar som fører til store skader på eigedom, infrastruktur og tap av menneskeliv.
2: At styresmakter og næringslivet ikkje innfører og handhevar effektive tiltak for å avgrense og tilpasse seg klimaendringane.
3: Menneskeskapte miljøøydeleggingar og -katastrofer, inkludert miljøkriminalitet som oljesøl og radioaktiv forureining.
4: Tap av biologisk mangfald og økosystem-kollaps med irreversible følgjer for miljøet, som fører til ei utarming av ressursar for menneskeslekta og næringslivet. Dette gjeld både biologisk mangfald og økosystem på land og til havs.
5: Store naturkatastrofer som jordskjelv, tsunamiar, vulkanutbrot og geomagnetiske stormar.
– Må ta dette alvorleg
Då rapporten vart lansert fortalde Børge Brende at klimaendringar, tap av biologisk mangfald og vassmangel er store langsiktige trugslar.
– Planeten vert varmare, isen smeltar, og vi ser at artsbiblioteket står i brann. Vi må ta dette verkeleg, verkeleg alvorleg. Vi må endre framgangsmåten vår. Kostnaden ved å ikkje handle i dag, er mykje større enn kostnaden ved handle.
WEF-presidenten poengterer også i ei melding at ein no lyt ta grep:
– Dette er året då verdas leiarar må jobbe med alle sektorar i samfunnet for å reparere og byggje opp att systema for samarbeid, ikkje berre for kortsiktige gevinstar, men for å handtere dei djupe og underliggande risikoane.
I fjorårets rapport vart datasvindel og -tjuveri, og cyber-åtak på fjerde- og femteplass.