Ny rapport: Trur CO2-utsleppa i energiproduksjon aldri meir vil nå 2019-nivå

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNV GL kjem no med ein omfattande rapport, «Energy Transition Outlook 2020», kor det blant anna kjem fram at CO2-utsleppa i samband med energiproduksjon aldri vil nå same nivå som i 2019.

Likevel peikar dei på at det er ein lang veg å gå for å nå klimamåla til FN.

Det kom fram under ein pressekonferanse der risiko- og klassifikasjonsselskapet DNV GL presenterte funna i ein fersk analyserapport dei har utarbeida.

– Covid-19 har hatt stor påverknad på etterspurnaden etter energi og analysane våre viser at den vil falle med åtte prosent i år. Det vil ta fleire år før økonomien på verdsbasis vil ta att det tapte. Energiforbruket vårt vil liggje seks til åtte prosent lågare, enn dei opphavlege utrekningane våre viste, kvart einaste år fram til 2050, sa administrerande direktør Remi Eriksen i DNV GL under pressekonferansen.

Topp rundt 2030

DNV GL peika vidare på at ein rundt 2030 vil nå ein topp for kor mykje energi ein vil trenge. Ifølgje selskapet kjem det av at økonomisk vekst og aukande folketal vil bli kompensert av energieffektivitet. I tillegg blei det peika på at det vil vere eit avtakande energibehov fram mot 2050.

– Elektrifisering vil bidra stort til at energibehovet vil gå ned. Etter kvart som større delar av energibehovet blir elektrifisert, vil køyretøy, vareproduksjon, oppvarming, belysning og kjøling av bygg krevje mindre energi, sa den administrerande direktøren.

Ikkje nok til å nå 1,5 gradersmålet

– Den viktigaste konklusjonen er at ein trass i fallande CO2-utslepp og etter kvart redusert etterspurnad etter energi, så fell ikkje utsleppa nok til at vi skal klare å halde oss innanfor 1,5-gradersmålet frå FN. For å klare det, vil vi vere avhengige av å redusere utsleppa like mykje som i år kvart einaste år dei neste 30 åra, sa Eriksen.

Når stadig meir av energien vår skal komme frå elektrisitet, vil òg etterspurnaden etter straumforsyning vekse. DNV GL presenterer i rapporten ein graf som viser at etterspurnad vil meir enn doblast dei neste tretti åra.

DNV GL peikar på at langt meir av energien vår i framtida vil komme frå vind og sol. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Hydrogen kan spele ei viktig rolle

For å nå intensjonane i Parisavtalen om å redusere global oppvarming til 1,5 grader peika DNV GL på ulike løysingar.

– Det er ingen enkle løysingar, men den gode nyheita er at det finst teknologiske løysingar. Vi har verktøykassa, sa Eriksen han peika vidare på at enkelte felt var vanskelegare å avkarbonisere enn andre.

– Den største utfordringa vår ligg i avkarboniseringa av prosessar som krev stor varmetilførsel. Blant anna jern- og stålproduksjon, flytransport og shipping. Karbonfangst og lagring må implementerast i storskala – ikkje berre for å fange utslepp, men òg for å bidra til berekraftig utvinning av hydrogen.

Han peika på at hydrogen kan spele ei langt større rolle i varmeprosessar og som drivstoff.

– Dette må styresmaktene ta tak i ved å stille grøne krav og retningslinjer og gjennom meir ambisiøse nasjonale forpliktingar, sa han.