Fleirtal seier dei vil hente fleire asylsøkjarar frå Hellas

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei meiningsmåling TV 2 har gjennomført etter at det onsdag vart kjend at Justisdepartementet har bede Utlendingsdirektoratet (UDI) setje i gang arbeidet med å hente 50 asylsøkjarar frå Hellas til Noreg.

Flest kvinner er positive

59 prosent svarer at dei meiner 50 er for få. 12 prosent seier 50 er passe, medan 23 prosent meiner 50 er for mange. 5 prosent er usikre.

Målinga avslører ein markert kjønnsforskjell: Blant dei som svarer at Noreg bør ta imot fleire enn 50 personar frå Hellas, er 69 prosent kvinner.

50 personar til Noreg

pressemeldinga til regjeringa om saka heiter det at Noreg vil hente 50 asylsøkjarar frå Hellas. Det blir ikkje stilt krav om at dei er frå Moria-leiren.

Målinga er gjort torsdag, dagen etter at vedtaket vart kjent.

Dei 50 asylsøkjarane frå Hellas går inn i reknestykket over dei 3.000 overføringsflyktningane Noreg skal ta imot i år, slik at Noreg uansett ikkje vil ta imot fleire personar enn tidlegare føresett.

I pressemeldinga frå regjeringa heiter det at Noreg skal ta imot sårbare barnefamiliar frå Syria.

Leiar i Press Redd Barna Ungdom, Lea Mariero , meiner regjeringa gjer for lite når dei legg opp til å hente 50 flyktningar frå Moria-leiren på Lesvos. Biletet til høgre viser flyktningar som rømmer frå den andre store brannen som råka leiren onsdag 9. september. Foto: Press og AP Photo/Petros Giannakouris